• Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3819119
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 02.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Kontaktlærar på Tuv skule - 100% fast stilling

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi har ledig ein 100% fast stilling som kontaktlærar for 1.trinn på Tuv skule frå 01.08.2021.

Skulane i Hemsedal
I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 183 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 48 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 76 elevar.

Utviklingsarbeid: Alle grunnskulane har vore med i prosjektet Felles Løft i regi av Statped Sørøst der vi har hatt fokus på heilskapleg språk- og leseopplæring samt ordmeistringsmetoden. Dette arbeidet står fortsatt i fokus heilt til alle er trygge på praksis. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og deltek i pulje 4 inkluderande barnehage og skulemiljø, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi er med i eit spennande samarbeid med Veilederkorpset som hjelper oss på ulike nivå etter våre ynskjer og behov. På Tuv og Ulsåk skular har dei aktivitetar med Trivselsleiar.

Vi er i gang med utbygging på Hemsedal barne- og ungdomsskule der vi innan 2023 har bygd på skulen til 1.-10. trinn. Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane.

Kvalifikasjonar:
Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.

Ved tilsetjing vil vi prioritere dei søkjarane som dekkjer fag vi manglar.

Vi søkjer etter deg som:

  • har kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveutvikling
  • har evne til å inspirere og vise omsorg
  • er tydeleg på klasseleiing og vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
  • vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • har engasjement for elevar med spesielle behov
  • har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • er nysgjerrig, skapande og tar ansvar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Skulen kan tilby:

  • fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
  • eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
  • Skooler som læringsplattform
  • god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
  • kompetanseheving
  • kurs i nynorsk
  • hjelp til å finne bustad

Krav til dokumentasjon:
Det er krav om politiattest jf. opplæringslova for skulen før ein startar i stillinga. Den som vert tilsett i stilling innan skulen skal levere tuberkuloseskjema og kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir sett til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Til informasjon vil søknadene bli behandlet fortløpende og stillingen kan bli besatt før søknadsfristens utløp.
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn.
Velg "Søk her" i menyen til høyre i EasyCruit.
Alle søkere vil få en bekreftelse på e-post om at søknaden er mottatt.

Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringer i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

 

  • Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3819119
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 02.06.2021