• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3895075
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Konsulent/sakshandsamar

Sunnfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100 % fast stilling som konsulent/sakshandsamar ved Bygg- og eigedomsforvaltning (BEF). BEF har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningane og eigedommar som Sunnfjord kommune eig. Dette er administrasjonslokalar, skular, barnehagar, institusjonar, kulturbygg, idrettsanlegg og kommunale bustader. Sunnfjord kommune har dermed ansvar for ca. 90 kommunale bygg og ca. 430 kommunale bustader. BEF administrerer og utfører dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningane og dei tekniske installasjonane. Eininga har 30 tilsette der 23 er vaktmeistrar.

Stillinga krev nært samarbeid med driftskoordinator bygg, driftskoordinator bustad, vaktmeistre, tildelingseininga og andre einingar etter behov.

Oppgåver knytt til stillinga er:  
  • digitalisering av all FDV-dokumentasjon (teikningar, serviceavtaler, rapporter)
  • administrative oppgåvar innanfor eininga
  • kontrakt-skriving
  • oppfølging i bustad med leigetakar  
  • sjekk av inn- og utflytting; klargjering og organisering av bustad til leigetakar
  • vere ein del av bustadteamet
  • førfallende arbeid innanfor eininga

Næraste overordna er einingsleiar i Bygg- og eigedomsforvaltning.

Kompetanse

Vi ser etter en deg som:

  • har minimum fullført videregåande skule, gjerne byggrelatert
  • har gode samarbeidsevner og likar å arbeide saman med andre
  • taklar ein hektisk arbeidskvardag
  • er i stand til lett fysisk arbeid
  • har god serviceinnstilling
  • er fleksibel
  • kan jobbe sjølvstendig
  • er ansvarsfull, påliteleg og omgjengeleg
  • har gode datakunnskaper
  • kommuniserer godt på norsk
  • har førarkort klasse B
 Vi tilbyr:
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • eit godt arbeidsmiljø 
  • ein variert arbeidskvardag

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 
  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3895075
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune