Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Konsulent - Fellessekretariatet

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med å sikra og utvikla eit godt servicetilbod til Kvam herad sine innbyggjarar og interne brukarar?

Me søkjer ein ny medarbeidar til avdelinga Fellessekretariatet på rådhuset i Norheimsund. Stillinga er i 80 % vikariat og ledig frå snarast til og med 31.07.2025.

Fellessekretariatet er ei avdeling med 6 tilsette inklusive leiar, og har ei sentral rolle som informasjonsformidlar og kontaktpunkt mellom innbyggjarane og kommunen. I tillegg har avdelinga eit viktig ansvar for kommunen sitt sak- og arkivsystem (Acos WebSak) og andre fellestenester til støtte for den kommunale administrasjonen. Avdelinga er organisert under eininga Teknisk og informasjon.

Me søkjer etter deg som trivst å jobba med kundekontakt. Dette inneber at du yter god service til innbyggjarane og at du deltek i oppgåvene ved vårt kundemottak på rådhuset. Me ønskjer deg som er serviceinnstilt og nøyaktig.


Arbeidsoppgåver

  • Kundemottak; sentralbord, postmottak, postføring m.m.
  • Andre førefallande oppgåver relatert til arkiv kan verta aktuelle ved behov

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan service- og kundebehandling
  • God IKT-kompetanse og erfaring med ulike elektroniske og digitale arbeidsverktøy
  • Innsikt i og erfaring med sak- og arkivsystem er ein fordel
  • Beherska norsk flytande som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg, og kunne kommunisera på engelsk munnleg
  • Høg gjennomføringsevne og effektiv arbeidsmetodikk

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, strukturert, og effektiv
  • Du har god evne til å formidla informasjon
  • Du er fleksibel, positiv og løysingsorientert
  • Du har god samarbeidsevne
  • Du taklar å jobba i eit høgt tempo

Vi tilbyr

  • Ei vikarstilling med varierte oppgåver
  • Godt fagnivå og eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.