• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4914872
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.12.2022
Ledig stilling

Øygarden kommune

Konsulent 50% fast - Forvaltning og støttetenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Konsulent kommunale bustader  50% fast – Forvaltning og støttetenester

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjare og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Forvaltning og støttetenester er ei ny eining i helse og velferd frå nyttår. Avdeling koordineringsenteret handsamar alle søknader og vurderer behov for tenester etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester. Senteret skal  gje råd og rettleiing til dei som treng det, vera ein god samarbeidspartnar og delta i ulike tverrfaglege team. Koordineringssenteret har mange oppgåver og held på å finna sin plass i organisasjonen. Ein ønskjer å finna den form for organisering som har brukar i fokus og gjev rett hjelp til rett tid innanfor dei rammer som er gjeldande. Ei ny teneste som skal inn i eininga er saksbehandling av kommunale bustader. I tillegg vil avlastningbustader for barn og unge bli ein del av eininga.

Det er ønskje om å ha ulik kompetanse inn i eininga, høgskuleutdanna personell som har særleg interesse og erfaring frå 1. linje teneste i kommunen.

Vi held til i flotte lokalar i Skogsvåg 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling av søknader om kommunale bustader
  • Kartleggingsarbeid og vedtaksskriving
  • Koordinere tverrfaglige inntaksmøter
  • Kontakt til ØBU og bustadstiftinga
  • BPA oppfølging

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Utdanning innan kontorfag, eventueltt relevant erfaring
  • Generell god IT kompetanse og systemforståelse
  • Gode kommunikasjonsevnar munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert
  • Påliteleg
  • Ansvarsfull
  • Du må vera glad i å arbeide med menneske.
  • Du må vera aktiv lyttande, lika å samhandle med andre.
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Du må lika å jobbe systematisk og ha ein hektisk arbeidsdag

 

Anna:

  • Tenestestad ved kommunedelsenter i Skogsskifte

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Katrine Risløw, tlf 45874502

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4914872
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.12.2022