• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Konsulent
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    680, Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4803616
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 15.10.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bemanningseininga er ei ny eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. Vi søker no etter ein konsulent som kan vere med å utvikle og drifte denne eininga.

Vi er på jakt etter deg som er fagleg dyktig, er endringsfokusert, kreativ og trivast med utfordringar. Du likar godt å arbeide med oppgåver der du må samarbeide tett med kollegaer frå andre fagfelt. Du må ha kompetanse på lov og avtaleverk knytt til turnus, og det vil vere ein fordel å ha kjennskap til ressursprogrammet RS.

 Vi har ledig:
  •  100 % fast stilling som konsulent 

Hos oss får du omsorg og tillit, og unik mogelegheit til å få påverke utvikling av ei ny eining i kommunen. Du blir ein viktig ressurs og tatt med på råd i avgjersle som gjeld utvikling av eininga. 

Arbeidsoppgåver:
  • koordinere kompetanse ut til einingane
  • sjå ressursar og behov på tvers av einingane
  • hjelpe til med utarbeiding av turnusplanar
  • rettleiing i lov og avtaleverk, knytt til turnusplanarbeid
  • bidra til kostnadseffektive tenester og ressursutnytting innan tildelte økonomiske rammer
  • delta i utviklingsarbeid for eininga
  • andre oppgåver kan også vere aktuelle

Det kan bli aktuelt etter kvart å bygge ut eininga slik at den og tilbyr fagpersonell til både skule- og barnehagesektoren.

Kvalifikasjonar:
  • relevant høgskuleutdanning, relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • god kunnskap innan turnusarbeid
  • god kunnskap om lov og avtaleverk knytt til arbeidstidsordning
  • gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftlig
  • god IT- kunnskap
 Vi søker deg som:
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er fleksibel, kreativ, nytenkande og løysingsorientert
  • har evne til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi kan tilby:
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • tilstadeverande leiing
  • eit inkluderande arbeidsmiljø og ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • ei kommune i bevegelse mot digitalisering, innovasjon og tenesteutvikling
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • kompetansetillegg for relevante vidareutdanningar
Om arbeidsplassen:

Sunnfjord kommune har etablert omsorgstenester i sentrumsområda, Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesteområda er institusjon, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Vi har spesialiserte tenester innan rehabilitering og korttidseining.

Som tilsett i Sunnfjord kommune identifiserar du deg med våre verdiar; engasjert, inkluderande og nær.

Verkar dette interessant? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med einingsleiar for bemanningseininga, Aud Marie Åsen tlf. 47634735.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Konsulent
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    680, Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4803616
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 15.10.2022