Detaljer

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2020
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Konsulent
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3269234
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Konsulent

Eininga Rekneskap og løn har 15 tilsette og har kontor i rådhuset i Førde sentrum. Hovudoppgåvene våre er å føre rekneskap for Sunnfjord kommune og for andre interkommunale selskap. Vi nytter i dag Visma økonomisystem. Det er 6 tilsette som arbeider med løn og refusjonsområdet i dag.

Vi har ledig:
  • fast stilling som konsulent i 100 %, frå februar/mars 2021

Hovudoppgåvene dine vil være innan løns- og refusjonsområdet.

Vi ønsker at du har følgande kvalifikasjonar:
  • utdanning innan HR/personal/løn/rekneskap, eller anna relevant fagområde, fortrinnsvis på bachelor nivå
  • 3-5 års relevant arbeidserfaring innan løn/rekneskap
  • gode IT kunnskapar, det er ønskeleg med erfaring i bruk av Visma økonomisystem

Stillinga skal bidra til å rasjonalisere arbeidsprosessane kontinuerleg, samtidig som vi ønsker å ha auka fokus på internkontroll.

Personlege eigenskapar:
  •  du er strukturert, nøyaktig og engasjert
  •  du arbeider sjølvstendig, men trivast og å arbeide saman andre
  •  du er lærevillig og opptatt av digitalisering og dei moglegheitene den gir for effektivisering
Kva kan du forvente av oss?

Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling og moglegheiter for vidareutdanning. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit godt arbeidsmiljø, mykje ansvar og tillit.

Vi kan også tilby:
  • eit spennande og bredt fagmiljø innan områda løn, refusjon og rekneskap
  • ein moderne arbeidsplass, for tida på rådhuset i Førde sentrum
  • ein god og trygg arbeidsplass der forholda ligg til rette for både fagleg og personleg utvikling
  • eit bredt tilbod om kurs, slik at du kan oppretthalde og vidareutvikle kompetansen din og behalde din autorisasjon
  • fleksibel arbeidstid

Du må søke elektronisk.

Vi ser fram til å høyre frå deg!