• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4792011
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Konsulent 100% fast, dokumentsenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Konsulent 100% fast, dokumentsenter

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Om avdelinga:
Ved eininga IKT og dokumentsenter er det ledig to stillingar som konsulent ved dokumentsenteret på Rong. Stillingane er primært knytt til kommunen sine sikker sone løysinga. Dokumentsenterert ser til at heile kommunen ivaretek arkivansvaret i samsvar med arkivlova. Det inneber å ordna og innretta verksemda slik at dokumenta våre er sikra som informasjonskjelder for notid og ettertid. Kommunen sit dokumentsenter har lyse og romslege lokale i kommunedelsenter på Rong.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Handtere post og arkiv for kommunen, primært innan kommunen sine sikker sone løysingar
  • Journalføring av post i kommunen sitt sak- og arkivsystem og andre fagsystem
  • Bidra i utarbeiding av rutinar/rettleiar for dei ulike fagområda
  • Rettleie og bidra til opplæring av organisasjonen
  • Handtera innsynskrav
  • Fysisk postsortering
  • Arbeid med eldre fysiske (og avslutta) arkiv
  • Andre oppgåver

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning som fagarbeidar innan kontorfag, eventuell anna arkivfagleg utdanning

 

Ønskjeleg med:

  • Høg IKT- og systemkompetanse
  • Evne til å sjå samanhengar mellom heilskap og detalj
  • Erfaring med sak- og arkivsystem
  • Erfaring med kommunal forvaltning

 

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Effektiv, strukturert og nøyaktig
  • Fleksibel og open for varierte arbeidsoppgåver
  • Sjølvstendig og sjølvgåande
  • Ein god lagspelar

 

Anna:

  • Ynskjeleg med førarkort klasse B

 

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

  • Jørgen Kausland, Stabsleiar IKT og dokumentsenter – 90968686

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4792011
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.09.2022