• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4600849
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Konsulent - 100 % fast - Bustadkontoret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved avdeling Bustadkontoret i tenesteområdet Eigedomsforvaltning er det no ledig  ei 100 % fast stilling som konsulent.

Tenesteområdet Eigedomsforvaltning ligg under teknisk sektor har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad for avdeling Bustadkontoret ligg i Knarvik senter og samlokaliserast med innbyggjarservice.

Bustadkontoret har ansvar for å gje tenester til våre innbyggjarar som treng hjelp med å skaffe bustad. Oppgåvene spenner frå tildeling av kommunal bustad og økonomisk rådgjeving til utvikling av kommunen sine planar innanfor det bustadsosiale feltet. Bustadkontoret har utstrekt samarbeid med mange andre tenesteområde og avdelingar i kommunen i tillegg til eksterne aktørar som Husbanken.

Arbeidsområder i avdelinga er:

  • Økonomisk rådgjeving – Startlån - Bustøtte
  • Sakshandsaming og utforming av vedtak
  • Tildeling av kommunale bustader
  • Kundeoppfølging
  • Utlevering og tilbakelevering av kommunale bustader
  • Tilpasningssaker i samarbeid med driftsavdelinga og ergoterapeutane i Alver kommune
  • Tverrfagleg samarbeid med andre tenesteområde i kommunen
  • Oppfølging av lovkrav og forskrifter
  • Oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategiar innan det bustadsosiale feltet

Avdelinga har eit stort nettverk av samarbeidspartnarar internt og eksternt. Bustadkontoret samarbeider blant anna med Nav, helsetenestene i kommunen og dei andre avdelingane i teknisk sektor. Alver kommmune sitt bustadkontor har eit tett samarbeid med Husbanken og følgjer opp statlege retningslinjer og ordningar som kjem derifrå.

Bustadkontoret er ein travel og givande arbeidsplass der ein må vere løysingsorientert, fleksibel og evne å samarbeide med mange aktørar. Oppgåvene som skal løysast betyr mykje for enkeltmenneske og er eit viktig samfunnsbidrag.

Arbeidsoppgåver

Sakshandsaming innan startlån, bustøtte og søknader om kommunale gjennomgangsbustader. Økonomisk rådgjeving knytt til Husbanken sine støtteordningar. Arbeid med husleigekontraktar, utlevering og tilbakelevering av bustader. Vurderingar knytt til tilpassing av bustad i samarbeid med ergoterapeut og driftsavdelinga, tett samarbeid med andre fagfelt i kommunen og eksterne aktørar. Forvaltning og utvikling av kommunens bustadportefølgje i tråd med framtidige behov og planar, utvikling av planar innan det bustadsosiale feltet i kommunen med meir.  

Kompetanse

Vi ser etter deg som har 3-årig høgskuleutdanning innan økonomi og administrasjon. Du har erfaring frå og interesse for offentleg forvaltning. Du har kompetanse innanfor bustadsosialt arbeid og er sterk på kommunikasjon med ulike aktørar. Stillinga krev utstrakt samarbeid med andre fagfelt internt i forvaltninga og elles i kommunen. God kompetanse innan IKT og erfaring frå bustadsosial arbeid er positivt. Relevant erfaring vil bli lagt vekt på og kan kompensere for eventuell manglande formell utdanning. 

Våre forventningar til deg

  • du har evne til raskt å setje deg inn i nye problemstillingar
  • du er ansvarsbevisst, strukturert og serviceinnstilt
  • du har evne til å jobbe sjølvstendig 
  • du har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • du trivast med samarbeid og vil vere ein god lagspelar for kolleger og leiar
  • du har sertifikat for personbil
  • du er engasjert og har ei positiv innstilling 

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande oppgåver
  • engasjerte og inkluderande medarbeidarar
  • tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • lønn - og tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
  • fleksitid
  • god pensjonsordning og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Er dette noko for deg? Trykk på knappen "send søknad" som tar deg vidare i prosesen. 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4600849
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune