• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    25.10.2021
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4147527
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Kommunikasjonsrådgivar

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til
lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Stab for kommunikasjon og samfunnskontakt  har det overordna ansvaret for kommunikasjon og informasjon i Kystverket. Staben skal gi strategisk og praktisk kommunikasjonsfagleg støtte i enkeltsaker og prosjekt. Vi søker ein erfaren kommunikasjonsrådgivar til eit vikariat hos oss. Vekommende har kunnskap frå statleg forvaltning og skal jobbe både strategisk og operativt. Vi krev samtidig at personen har interesse for og kunnskap om bruk av ny teknologi og dei moglegheitene som ligg i digital kommunikasjon, og som kan vere ein viktig ressurs i utviklinga av våre digitale kanalar.

 

Det er ønskeleg med snarleg tilsetting.

Arbeidsstaden for stillinga er Ålesund men det må påreknast ein del reising.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum treårig høgare utdanning innan kommunikasjon
  • Erfaring innan strategisk kommunikasjon er ein fordel
  • Erfaring med mediekontakt og proaktivt arbeid mot media
  • Ønskeleg med kunnskap og erfaring innan formidling på nett, samt erfaring med CMS-verktøy, helst EpiServer
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer), samt gode engelskkunnskapar

Personlige egenskaper:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Strukturert
  • Kreativ
  • Ha ei positiv drivkraft i kommunikasjonsstaben og i organisasjonen Kystverket
  • Eit nytenkande og digitalt hovud

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsmiljø med mange dyktige kollegaer i eit relativt stort kommunikasjonsmiljø
  • Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter
  • Stor grad av sjølvstendig arbeid og fleksibel arbeidstid
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar. Stillinga lønast frå kr 553 500 (ltr 61) til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Ferieheimsordning for tilsette i Kystverket på utvalde fyr 
  • Arbeidsstad for stillinga er for tida Ålesund

Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.


 

 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    25.10.2021
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4147527
  • Se her for andre jobber fra Kystverket