• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Psykolog
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Master
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    norsk
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3710691
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Kommunepsykolog i Hallingdal

Ål Kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Midt mellom Oslo og Bergen finn du Hallingdal som byr på aktiv fritid for store og små. Her finn du naturen rett utanfor døra, eit stabilt og godt innenlandsklima og gode stier og løyper i heile regionen. Hallingdal har eit breidt tilbod innan idrett, kultur og friluftsliv, god barnehagedekning og eit variert næringsliv. Det er et tett regionalt samarbeid og eit nært samarbeid med helseføretaket, som på Hallingdal sjukestugu - nærsjukehuset i Hallingdal, har spesialisthelsetenester både innan somatikk og psykiatri.

Kommunepsykolog i Hallingdal

Kommunepsykolog - i eit tverrfagleg interkommunalt kompetansemiljø i Hallinghelse - vil du vere med?

Ønskjer du å jobbe i og utvikle eit interkommunalt tverrfaglig kompetansemiljø i Hallingdal?
Ønskjer du å jobbe med kvalitet- og utviklingsarbeid for å skape gode lokalsamfunn som fremmar folkehelse og psykisk helse?
Har du erfaring eller er opptatt av nettverksbygging og innbyggjardialog?

Det er ledig nyoppretta stilling i Hallinghelse som kommunepsykolog.

Hallinghelse driv utviklingsarbeid innan helse og omsorg i Hallingdal, og felles tenesteyting på fleire fagområde på tvers av kommunegrensene (www.hallinghelse.no). I Hallingdal er det etablert fleire samarbeidsområder og fleire store interkommunale prosjekt.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil vere prega av tenesteutvikling og stillingsinnhaldet vil bli forma i samsvar med dette, og ut frå styringssignal og behov.

Stillinga vil ha arbeidsoppgåver som fremjar systemarbeid innan til dømes :
- førebyggande arbeid
- rettleiing og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper
- tverrfaglig samarbeid
- lågterskel behandling og oppfølging.
- samarbeid med helseføretakets poliklinikk på Hallingdal sjukestugu og Ringerike sjukehus (både for vaksne og BUP) om å vidareutvikle tilboda i Hallingdal
(bl.a. FACT, FACT ung)

Kommunepsykologen skal delta planarbeid for å fremme folkehelse lokalt og regionalt.

Kvalifikasjonar

- godkjent psykologutdanning, gjerne psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- det er ein fordel med klinisk erfaring og gjerne erfaring frå kommunane.
- det er ein fordel med relevant kompetanse og/eller erfaring med tidleg intervensjon, førebygging og helsefremjande arbeid
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- sertifikat klasse B.

Personlege eigenskapar

- gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- fleksibel, utadvendt og løysingsorientert
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
- sjølvstendig, målrettet og strukturert
- god evne til koordineringsarbeid
- engasjementet for førebyggjande arbeid og tidlig innsats

  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

- Ein arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsmiljø, godt fagmiljø dyktige og engasjerte kollegaer.
- Det kan leggjast til rette for:
- delvis heimekontor
- vedlikehald/kompetanseutvikling
- rettleiing
- deltaking i psykologfaglig nettverk
- lønn etter avtale
- god barnehagedekning
- hjelp til å skaffe bustad

Oppstart i stillinga etter avtale.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Kontakt:

  • Iselin Haugo, dagleg leiar, Hallinghelse, iselin@hallingdal.no 954 44 908
  • Borghild C Ulshagen, kommunalsjef helse, borghild.ulshagen@aal.kommune.no 992 87 898

Søknadsfrist 18. april 2021

 
  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Psykolog
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Master
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    norsk
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3710691
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune