Ledig stilling

Sogndal kommune

Kommunepsykolog

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søker kommunepsykolog til fast stilling i Sogndal kommune.

Vil du bli den nye kommunepsykologen vår og arbeida med helsefremjande og førebyggande innsats retta mot barn og unge i kommunen vår?

Sogndal kommune styrkar no satsinga på barn og unge. Me søkjer etter ein dedikert kommunepsykolog som vil vera med på å styrkja det psykiske helsearbeidet for barn og unge i Sogndal kommune. Stillinga er organisert under tenesteeining helsestasjon. Me har nyleg tilsett ein kommunepsykolog, og saman vil de spela ei sentral rolle i å bidra til å utvikle og etablere psykisk helseteam for barn og unge. Psykisk helseteam for barn og unge skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod for barn, unge og deira familiar, og vil vere tverrfagleg samansett.

Kommunepsykologen i oppvekstsektoren har som hovudoppgåve å jobbe for god psykisk helse blant barn og unge. Dette inkluderer både førebyggjande tiltak, tidleg innsats og støtte når nokon opplever store utfordringar. Sogndal kommune jobbar etter den tverrfaglege modellen «Betre tverrfagleg innsats» (BTI). Du vil difor samarbeida nært med blant anna tilsette i oppvekstsektoren, helsestasjon- og skulehelsetenesta og oppvekstleiinga.

Hovudfokuset ditt vil vera å fremja god helse blant barn og unge i kommunen. Dette inneber å vurdera og behandla dei som står i fare for å utvikla eller allereie har psykiske vanskar. I tillegg vil du bidra til overordna systemarbeid for utviklinga til kommunen, og dessutan vera tilgjengeleg for leiarar og tilsette for rettleiing og fagleg støtte. På den måten speler du ei viktig rolle i å styrkja det psykiske helsearbeidet for barn og unge i kommunen vår.

 

For å kunna jobba som kommunepsykolog er det viktig at du har følgjande formelle kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som psykolog  

Ønskte kvalifikasjonar inkluderer:

  • erfaring med arbeid med barn og unge
  • relevant erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid kring barn og unge 
  • har god forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
  • kompetanse eller erfaring med rettleiing.
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • er fleksibel og løysingsorientert 
  • har interesse for utviklings- og endringsarbeid 

Anna

  • førarkort klasse B

Me forventar at du har ei rekkje sentrale personlege eigenskapar som er avgjerande for å oppfylla krava og forventningane til stillinga. Du må ha evne og vilje til å:

  • arbeide heilskapleg rundt tenester for barn og unge.
  • arbeide sjølvstendig og strukturert, men også vere ein god lagspelar, kreativ og fleksibel når situasjonar tilseier det.
  • vere fagleg engasjert og framoverlent
  • vere effektiv og strukturert.
  • reflektera over eigen praksis.

 Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø og moglegheiter til å delta i psykologfaglege nettverk lokalt og nasjonalt.
  • Løn etter avtale
  • Tilgjengeleg leasingbil i tenesteeininga

Reiseverksemd i heile kommunen må påreknast.

 

Andre opplysningar: Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.