Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5199154Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Kommunepsykolog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kommunepsykolog i oppvekstsektoren
KommunepsykologVelkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr.
Sogndal kommune skal yte gode og likeverdige tenester. Vi skal nå nasjonale målsetjingar og måla i samfunnsplanen for kommunen. Kommunen treng å styrke det psykiske helsearbeidet og skal rekruttere psykolog til stillinga som kommunepsykolog i oppvekstsektoren
Nærare skildring av stillinga
Kommunepsykologen i oppvekstsektoren skal jobbe for god psykisk helse hjå born og ungdom, både førebyggjande og gjennom tidleg innsats og når nokon opplever store vanskar. Du vil samarbeide tett med tilsette i oppvekstsektoren, helsestasjon – og skulehelsetenesta, samt oppvekstleiinga.
Du:
- er autorisert psykolog
- det er ein fordel med erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid kring barn og unge
- har god forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
- har erfaring frå rettleiing
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er fleksibel og løysingsorientert
- har interesse for utviklings- og endringsarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- lågterskeltilbod i helsestasjons – og skulehelsetenesta
- foreldrerettleiing gjennom både kurs og individuell rettleiing i samarbeid med helsestasjon
- tilvising til spesialisthelsetenesta
- tverrfagleg arbeid
- rettleiing til tilsette i oppvekst, både i gruppe og i individsaker
I tillegg jobbar kommunepsykologen med:
- kommunale planar og prosjekt knytt til oppvekstsektoren
- folkehelsearbeid
- samarbeid med spesialisthelsetenesta
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5199154Se her for andre jobber fra Sogndal kommune