Företag
Madsen og Brekke ASAnsökningstiden
10.08.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Bemanning og rekrutteringUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5590, ETNE
ETNE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6280197Se här för andra jobb från Madsen og Brekke AS
Madsen og Brekke AS
Kommunedirektør
Bemanning og rekruttering
Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande leiar med strategisk blikk og samfunnsengasjement.
Etne kommunen har eit rikt lokalsamfunn, kombinert med storslagen natur, gode levevilkår, eit bredt kultur- og fritidstilbod. Kommunen har dei siste åra markert seg offensivt og framtidsretta med satsing på m.a. bustadbygging, arealbruk, nyskapande aktivitetsområde, kultur, næringsliv og gunstige ordningar spesielt retta mot unge i etableringsfasen og barnefamiliar (https://www.etne.kommune.no/mittetne).
I Etne kommune er det skapt eit godt grunnlag for vidare utvikling og vi ønskjer ein kommunedirektør som vil forvalte dette potensialet vidare i tett samarbeid med folkevalgde, administrasjon, næringsliv og innbyggjarar. Etne kommune er ein veldriven kommune med god økonomisk styring, dyktige tilsette og engasjerte innbyggjarar.
Som andre kommunar står Etne ovanfor demografiske og økonomiske utfordringar i åra som kjem. Gjennom satsinga Etne 2030 Vegen til 2040 arbeidar kommunen målretta for berekraftig utvikling, lokal verdiskaping og langsiktig samfunnsbygging. Link til Etne 2030 Vegen til 2040: https://www.etne.kommune.no/api/presentation/v2/nye-innsyn/filer/v-e857a982__e852__4eeb__a914__f85d70e5a42b-1573861_1_A!d-2020075040!MqET1y
Som kommunedirektør vil du spele ei sentral rolle i å utvikle eit godt samspel mellom administrasjon, politiske organ og lokalsamfunnet – og bidra aktivt til å forme framtida for kommunen og regionen.
Vi ser etter ein leiar med gjennomføringskraft og entusiasme, som evnar å tenkje heilskapleg og langsiktig. Du byggjer tillit og relasjonar, og skapar eit ope og inkluderande klima – både internt i organisasjonen og i samspel med politisk leiing, næringsliv, frivilligheit og andre eksterne aktørar.
Etne kommune sine verdiar er: trygg, raus og engasjert!
Kvalifikasjoner:
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskule/universitetsutdanning
- Særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
- Brei leiarerfaring frå større organisasjonar i offentleg eller privat verksemd
- Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon
- Forståing for handtering av media
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk
Personlige egenskaper:
Personlege eigenskapar:
- Trygg, synleg og strategisk i leiarrolla
- Du er god til å leia andre, skape retning og byggje kultur prega av tillit, samarbeid og utvikling
- Du er ein sterk relasjonsbyggjar som skapar tillit på tvers av nivå, fagområde og interesser
- Du tek initiativ, er handlingsorientert og har eit tydeleg fokus på gjennomføring
- Strukturert og med analytiske evne
- Du har god kommunikasjons- og formidlingsevne
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
Vi tilbyr:
Etne kommune tilbyr:
- Ei utfordrande og spennande leiarstilling i ein utviklingsretta kommune
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktpersonar og søknadshandtering:
- I samsvar med offentleglova §25 vil ei offentleg søkarliste vere tilgjengeleg etter at søknadsfristen er gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg frå søkarlista, må dette grunngivast. Vi gjer merksam på at opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak. I så fall vil du bli varsla før offentleggjering.
- Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Brit Skjølingstad, tlf. 902 73 340 eller Siv Tanja Ringstrand, tlf. 906 01 721, for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, tlf. 480 06 560.
Företag
Madsen og Brekke ASAnsökningstiden
10.08.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Bemanning og rekrutteringUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5590, ETNE
ETNE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6280197Se här för andra jobb från Madsen og Brekke AS