Bedrift
HJARTDAL KOMMUNESøknadsfrist
08.08.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norsk, engelskAdresse
3692, SAULAND
HJARTDAL
NorgeAndre arbeidssteder
HjartdalAntall stillinger
1karriere-kode
3955721Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
- Oppdatert 30.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
HJARTDAL KOMMUNE
Kommunalsjef helse og omsorg
Offentlige tjenester og forvaltning
Hjartdal kommune Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord. Kommunen har ca. 1600 innbyggarar og er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår. Kommunen består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden og 50 min frå Kongsberg. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune med flott natur for opplevingar og friluftsliv.
KOMMUNALSJEF HELSE OG OMSORG Ref. nr: 2021/1495
Hjartdal kommune søker ein kommunalsjef som er ein strategisk, strukturert og synleg leiar med evne å motivere dei tilsette. Stillinga krev at du er sjølvstendig, tenkjer heilskapleg og lar deg motivere av utfordringar. Du må vere fleksibel og ha stor arbeidskapasitet. Du er ein lagspelar som samhandlar godt med heile kommuneorganisasjonen - politisk og administrativt. Stillinga som kommunalsjef inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og rapporterer til kommunedirektør. Tenesteområdet helse og omsorg omfattar fire avdelingsleiarar; for Omsorgssenteret, kjøkkenet, heimetenesta og Hågån, samt einingsleiar for helsekontoret. Kommunalområdet har om lag 100 fast tilsette og eit netto driftsbudsjett på om lag 55 mnok. Kommunalsjefstillinga er nyoppretta og er 100% fast.
Arbeidsoppgåver:
• Medverka i kommunen sitt heilskaplege arbeid med utvikling av lokalsamfunnet
• Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
• Leie og utvikle helse- og omsorgstenesta i kommunen
• Vere tett på tenestene og pådrivar for innovativ tenesteutvikling
• Aktivt delta i kommunedirektørens leiarteam
• Bidra til tverrfagleg samarbeid
• Godt leiarskap og internkontroll
• Ansvar for sakshandsaming og ansvar for iverksetjing av politiske vedtak som høyrer til ansvarsområda for sektoren
• Kommunen sin representant i interkommunale samarbeid
Formelle kvalifikasjonskrav:
Du har høgare relevant universitets- eller høgskuleutdanning samt leiarerfaring. Helsefagleg bakgrunn og erfaring innafor offentleg verksemd vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
• Målretta og har gjennomføringsevne
• Motiverande og tillitsskapande
• Samarbeids- og endringsvillig
• Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
• Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga
Vi tilbyr:
• Fleksibel arbeidstid og ekstra fridagar
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Løn etter avtale
Har spørsmål om stillinga kan du kontakte konstituert kommunedirektør Åse Egeland, tlf 90587243 eller e-post ase.egeland@hjartdal.kommune.no.
Søknad med CV sendast på e-post til postmottak@hjartdal.kommune.no. Merk søknaden med ref.nr 2021/1495.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25.
Søknadsfrist: 08.08.21
Bedrift
HJARTDAL KOMMUNESøknadsfrist
08.08.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norsk, engelskAdresse
3692, SAULAND
HJARTDAL
NorgeAndre arbeidssteder
HjartdalAntall stillinger
1karriere-kode
3955721Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
- Oppdatert 30.06.2021