Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
01.04.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6040, VIGRA
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
5517872Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 01.04.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgdistrikt frå 24.06. – 18.08.2024.
Vi søkjer deg som er engasjert og ønskjer å bidra til å gi beburarane våre ein fin kvardag.
- sjukepleiar, vernepleiar, eller ha anna relevante helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning.
- helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
- legestudent
- assistent i pleie og praktisk bistand
- Vi tilbyr bonusordning
Du kan ønskje ein eller fleire av desse arbeidsplassane og fordeling skjer etter behov for kompetanse:
- Godøy bukollektiv.
- Vigra omsorgssenter med sjukeheimsavdeling for menneske med demenssjukdom.
- Reset bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar.
- Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide.
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling inntil 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det blir tilsett fortløpande i stillingane.
Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- God digital kompetanse.
- Det er ein fordel om søkjarane har førarkort og kan disponere eigen bil.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
- Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlige egenskaper:
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr:
Løn til pleiemedarbeidarar/assistentar:
- Årsløn i heil stilling er per i dag frå kr 351 200,- til kr 457 700,- etter ansiennitet.
- Dersom ansiennitet ikkje gir betre utteljing på løn får sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- over garantiløn, bestått 2. år: kr 30 000,- over minsteløn, pr i dag kr 351 200,-.
- Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert.
- Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over minsteløn, pr i dag kr 351 200,-. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
- Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Bonusordning:
- Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
- Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
- Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
01.04.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6040, VIGRA
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
5517872Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 01.04.2024