• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947649
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgdistrikt frå 26.06. – 20.08.2023.

Vi søkjer deg som er engasjert og ønskjer å bidra til å gi beburarane våre ein fin kvardag. 

  •  sjukepleiar, vernepleiar, eller ha anna relevante helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning.
  •  helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
  •  legestudent
  •  assistent i pleie og praktisk bistand
  • Vi tilbyr bonusordning

Du kan ønskjer ein eller fleire av desse arbeidsplassane og fordeling skjer etter behov for kompetanse:

  • Godøy bukollektiv
  • Vigra omsorgssenter med sjukeheimsavdeling for menneske med demenssjukdom 
  • Reset bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar.
  • Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. 

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling inntil 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.


Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det blir tilsett fortløpande i stillingane.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ein fordel om søkjarane har førarkort og kan disponere eigen bil. For tilsette i heimebasert omsorg er det krav om førarkort for bil med manuelt gir.
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
  • Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

Løn til pleiemedarbeidarar/assistentar:

  • Årsløn i heil stilling er per i dag frå kr 324 900,- til kr 431 400,- etter ansiennitet.
  • Dersom ansiennitet ikkje gir betre utteljing på løn får sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- over garantiløn, bestått 2. år: kr 30 000,- over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-.
  • Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert.
  • Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over minsteløn, pr i dag kr 324 900,-. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
  • Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:

  • Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 27 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
  • Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at tillegget blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
  • Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947649
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune