Company
Aukra kommuneApplication deadline
24.09.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6364740Look here for other jobs from Aukra kommune
Aukra kommune
Kokk - fast stilling 3. kvar helg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra Omsorgssenter søker kokk i deltidsstilling. Stillinga utgjer 15% fast stilling på dagtid 3. kvar helg med mogleheit for vikarvakter i tillegg.
Kjøkkenet på Aukra Omsorgssenter tilbyr variert, næringsrik og tilpassa kost til bebuarar og heimebuande som mottek denne tenesta på enkeltvedtak. Vi søker deg som som ønsker å arbeide i team, og ønsker å bidra til positive matopplevingar til våre eldre . Du må ha gode samarbeidsevne, og ønske om å bli ein bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø, Du må ha god evne til å gje og motta rettleiing. Du er fleksibel og sjølvstendig i arbeidet som kokk. Verdien i å tilby våre eldre gode matopplevingar er viktig for deg, og du er serviceinnstilt.
Arbeidsoppgåver:
- Produsere mat inkludert spesialkost / diettar. Kok/server metode
- Tillaging av frukost, kveldsmat, dessertar og kaker
- Oppvask, vask og reingjering jmf. hygieneforskrifter og internkontroll
- Støtte i opplæring av kokkelærlingar fram til avlagt fagprøve
Personlige eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev som ernæringskokk/ kokk
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Har engasjement for mat og ernæringsarbeid, og eit ønske om å spre matglede
- Ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
- Har kjennskap til IK-mat, ernæring og spesialkost
- Har stor arbeidskapasitet og godt humør
Vi tilbyr:
- Et trivelig arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Eit spennande og utviklande arbeidsfelt
- Allsidige og varierte arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Løn etter HTV
- Kommunale tilsettingsvilkår
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Company
Aukra kommuneApplication deadline
24.09.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6364740Look here for other jobs from Aukra kommune