Detaljer

  • Bedrift
    Kveik AS
  • Søknadsfrist
    23.04.2019
  • Sted:
    VOSS
  • Type arbeid:
    Kokk til vår cateringavdeling
  • Stillingstype:
    Kokk
  • Bransje:
    Arbeid og Inkluderingsbedrift
  • Utdanningskrav:
    Fag- / Svennebrev
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    VOSS
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    1600421
  • Se her for andre jobber fra Kveik AS

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kokk

Kveik AS er ei arbeids- og inkluderingsbedrift på Voss som jobbar med arbeidsformidling i vår region.

Me tilbyr kartleggjing, kompetanseutvikling, kvalifisering og formidling av arbeidssøkjarar og lærlingar/lærekandidatar.
Me driftar avdeling for varig tilrettelagt arbeid for menneske med nedsett funksjonsevne.
Kveik er godkjent lærebedrift og ynskjer å vidareføra godkjenning innan kokkefaget.

Me søkjer etter Kokk i 100% stilling til vår cateringavdeling

Arbeidsoppgåver:

– Vera arbeidsleiar for våre deltakarar som er i arbeidstrening

– Tilretteleggjing, opplæring og oppfylgjing i arbeidssituasjonen

– Planleggjing og oppfylgjing av produksjon av vår catering

– Utarbeida og fylgja opp handlingsplanar

– Rapportering

Me tilbyr:

– Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø

– Varierte arbeidsoppgåver

– Samarbeid i tverrfagleg team

– Tilbod om kurs- og kompetanseheving

– Løn etter avtale

– Pensjons- og forsikringsordningar

Me søkjer deg som:

– Har fagbrev innan kokkeyrket

– Har evne til å sjå potensiale for utvikling i vår cateringavdeling og hjå våre arbeidssøkjarar

– Er god på kommunikasjon og har evne til å byggja relasjonar

– Er positiv, utadvendt og kan jobba sjølvstendig, og som har gode samarbeidsevne

– Evnar å jobba strukturert i ein hektisk kvardag

– Har gode datakunnskapar

Du må ha førarkort klasse B.

Ta kontakt med dagleg leiar

Turid Midthun tlf. 414 17 610 for meir informasjon.

Søknad og CV sendast til firmapost@kveikarbeidsliv.no

Søknadsfrist 23. april 2019.