Ledig stilling

Øygarden kommune

Klubbleiar i 24% fast stilling til ungdomsklubben på Rong og Ågotnes

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Øygarden kommune er ein MOT-kommune og MOT-verdiane står sentralt i alle våre klubbtilbod.

 

Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?

Ungdomsklubben på Rong er ein open møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubbkveldane finn stad på Øygarden ungdomsskule annan kvar onsdag kl. 18.00-20.30. På programmet står ulike spel, konkurransar og turneringar, open kiosk og kjekke utflukter.

Ungdomsklubben på Ågotnes skal vere ein møteplass etter skuletid for elevar på 8.-10.trinn. Opningstida neste skuleår blir kvar tysdag kl. 13.15-15.45 på Frihuset. På klubben kan ein kome for å spele spel, game, gjere lekser, delta i ulike kreative aktivitetar eller berre henge.

 

Fritidsklubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbud. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane. Vi skal gjennomføre kurs og workshops innan ulike kulturuttrykk, t.d. redesign, foto, musikk og gaming. Kulturskulen er ein samarbeidspartnar som vil bidra med tilbod inn i klubbane.
Frihuset på Ågotnes rommar aktivitetane til ulike frivillige organisasjonar, og ein BUA-sentral der ein kan låne seg gratis sports- og friluftsutstyr.

 

Arbeidsoppgåver

  • Drifte og vidareutvikle klubbane i tråd med målgruppa sine ønske og behov
  • Arbeide målretta med å skape ein open og inkluderende møteplass 
  • Delta i nettverksmøte for tilsette i ungdomsklubbane
  • Marknadsføre klubbane i sosiale medium og andre kanalar
  • Tilrettelegge for ulike kurs og kreative aktivitetar
  • Planlegge og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materialar til aktivitetar
  • Bidra med enkel søknadsskriving og rapporteringsarbeid


Kvalifikasjonar

  • Krav om erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Krav om påbyrja utdanning på universitet/høgskulenivå eller fagbrev i barne- og ungdomsarbeid
  • Kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
  • Kompetanse innan kunst og handtverk, musikk eller andre relevante kulturaktivitetar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Det er krav om gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserer lett og presist på ein ukomplisert måte, både skriftleg og munnleg
  • Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap  
  • Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
  • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
  • Utfordrande, varierte og spanade arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.