Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
5-8 årØnsket Språk
Norsk, engelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6358197Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
Tersan Havyard
Supervisor Innredning & HVAC
Klar for nye utfordringar? Bli vår nye Supervisor for Innredning & HVACSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.
Vi har fleire spennande prosjekt på gang, og ordreboka vår veks. No søker vi ein dyktig Supervisor for Innredning & HVAC som vil bli ein sentral ressurs i produksjonen på verftet i Leirvik.
Som supervisor vil du ha ein nøkkelrolle i å sikre at innreiing og HVAC-installasjonar blir utført i tråd med teikningar, regelverk og kundekrav. Du vil jobbe tett saman med underleverandørar, rederi, klasseselskap og myndigheiter – og bidra til at prosjekta våre blir levert til rett tid og med topp kvalitet.
Dine arbeidsoppgåver:
- Følge opp og koordinere underleverandørar innan innreiing og HVAC
- Kontrollere teikningar og dokumentasjon for skipa
- Delta i inspeksjonar og kontrollar saman med myndigheiter, klasseselskap og rederi
- Sikre framdrift, kvalitet og HMS i prosjektet
- Rapportere status og avvik til prosjektleiing
- Samarbeide tett med andre fagdisiplinar på verftet for effektiv gjennomføring
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå innreiing/HVAC i skipsbygging, bygg- og anleggsbransjen eller liknande
- Teknisk fagskule, fagbrev eller relevant erfaring – praksis kan kompensere for formell utdanning
- Gode kunnskapar i teikningsforståing og bruk av dataverktøy
- Kjennskap til klasseselskap og regelverk er ein fordel
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Evne til å bygge gode relasjonar med både kollegaer og leverandørar
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte prosjekt innan skipsbygging og maritim industri
- Moglegheiter til å jobbe tett på internasjonale kundar og leverandørar
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad Kommune.
Stillinga rapporterer til teamleiar for produksjonsdisiplinen.
Søknadar vert vurdert fortløpande.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Teamleiar Utrustning Kurt Amundsen 952 49 639 / kurt.amundsen@tersanhavyard.no
Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
5-8 årØnsket Språk
Norsk, engelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6358197Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
-
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Avdelingsleiar Elektro
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Industrimekanikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Platearbeidarar og Sveisarar– Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN