• Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Produksjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbeidserfaring
    5-8 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6358197
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Jonas Holt
tlf: 94982440

Marita Lavik
tlf: 97523599

Ledig stilling

Tersan Havyard

Supervisor Innredning & HVAC

Klar for nye utfordringar? Bli vår nye Supervisor for Innredning & HVAC

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.

Vi har fleire spennande prosjekt på gang, og ordreboka vår veks. No søker vi ein dyktig Supervisor for Innredning & HVAC som vil bli ein sentral ressurs i produksjonen på verftet i Leirvik.

 

Som supervisor vil du ha ein nøkkelrolle i å sikre at innreiing og HVAC-installasjonar blir utført i tråd med teikningar, regelverk og kundekrav. Du vil jobbe tett saman med underleverandørar, rederi, klasseselskap og myndigheiter – og bidra til at prosjekta våre blir levert til rett tid og med topp kvalitet.

Dine arbeidsoppgåver:

  • Følge opp og koordinere underleverandørar innan innreiing og HVAC
  • Kontrollere teikningar og dokumentasjon for skipa
  • Delta i inspeksjonar og kontrollar saman med myndigheiter, klasseselskap og rederi
  • Sikre framdrift, kvalitet og HMS i prosjektet
  • Rapportere status og avvik til prosjektleiing
  • Samarbeide tett med andre fagdisiplinar på verftet for effektiv gjennomføring

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå innreiing/HVAC i skipsbygging, bygg- og anleggsbransjen eller liknande
  • Teknisk fagskule, fagbrev eller relevant erfaring – praksis kan kompensere for formell utdanning
  • Gode kunnskapar i teikningsforståing og bruk av dataverktøy
  • Kjennskap til klasseselskap og regelverk er ein fordel
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Evne til å bygge gode relasjonar med både kollegaer og leverandørar

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte prosjekt innan skipsbygging og maritim industri
  • Moglegheiter til å jobbe tett på internasjonale kundar og leverandørar
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Konkurransedyktige vilkår


Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad Kommune.

Stillinga rapporterer til teamleiar for produksjonsdisiplinen.

Søknadar vert vurdert fortløpande.


For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Teamleiar Utrustning Kurt Amundsen 952 49 639 / kurt.amundsen@tersanhavyard.no

 

  • Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Produksjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbeidserfaring
    5-8 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6358197
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Jonas Holt
tlf: 94982440

Marita Lavik
tlf: 97523599