• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5686529
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Kafevert

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer to kafévertar i 15 % stilling, med arbeidstid annakvar helg, samt moglegheit for ekstravakter.

Kafeen på Hå gamle prestegard er ein kulturkafé med fokus på sunne og lokale råvarer. Eit kafèbesøk på Hå gamle prestegard er ikkje berre ei smakssanseleg oppleving. Det er òg ei tidsreise og ei kunst og kulturoppleving. Kaféen, som ligg i hovudhuset på Hå gamle prestegard, er nytta til arrangement og utstillingar i tillegg til å ha vanleg kafédrift. Våningshuset frå 1787 ligg omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste. Kaféen tek imot store og små grupper etter avtale, og har hovudsakeleg ope på dagtid.

Vi har mange besøkande, spesielt i helgene og søkjer difor deg som trivst i eit høgt tempo, er blid, serviceorientert, effektiv, punktleg og ryddig. Det er òg viktig at du kan samarbeida med og arbeidsfordela med medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver
• Førebu mat for sal
• Sal og servering av mat
• Rydding og oppvask
• Sørge for at gjestene får ei fin oppleving
• Tett samarbeid med gode kollegaer
• Opne og stenge kafeen etter faste rutinar for reinhald og sikring
• Sørge for å halde kaféen presentabel, ryddig og innbydande både ute og inne
• Småpraktiske oppgåver i kafé og kjøkken

Me ønsker deg som
• har utdanning, erfaring eller interesse for å jobbe på kafé
• ser god mat, servering, service og kultur som ein naturleg heilskap
• er serviceinnstilt og liker å jobbe i eit høgt tempo
• er interessert i lokale og sunne råvarer
• er fleksibel og ønskjer å arbeide ekstra ved behov og kan arbeide meir i ferier, som vikar og i sommarsesong
• er nøyaktig og følger reglement for god mattryggleik
• er serviceinnstilt

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5686529
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune