Company
ArbeidstilsynetApplication deadline
15.11.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5525, HAUGESUND
HAUGESUND
Number of positions
1Career-kode
3244715Look here for other jobs from Arbeidstilsynet
- Updated 27.10.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Arbeidstilsynet
Jurist - tilsyn
Offentlige tjenester og forvaltning
Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. No treng vi fleire juristar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde.
Som jurist i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv. Vi søker etter deg som trivast med saksbehandling, rettleiing og kvalitetssikring i tett samhandling med kollegaer – både juristar og inspektørar. Om du i tillegg er ein som tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.
Stillinga har kontorstad i Haugesund, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved tilsynskontor i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). Seksjonen arbeider per i dag hovudsakeleg med næringane overnatting og servering, transport og reinhald. På kontoret i Haugesund er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø med inspektørar innan ulike fagområde, samt og juristar. Jobben inneber noko reising.
- saksbehandling innan Arbeidstilsynets mynde
- utarbeide anmeldelser og tilrådning om straff
- i nokon grad delta i tilsyn
- kvalitetssikring og oppfølging av rutinar
- rettleiing internt og eksternt
- bidra i internt opplærings- og utviklingsarbeid
- utgreiingar og arbeid med høyringar
- noko regelverksarbeid
- juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- arbeidserfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt over er ønskeleg
- erfaring innan arbeidsrett og/eller strafferett er ønskeleg
- erfaring frå saksbehandling, rettleiing og kontroll er ønskeleg
- kunnskap om forvaltningslova og offentleglova er ønskeleg
- kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg
- kunnskap om og erfaring med lovens bestemmelser som regulerer krav til arbeidsmiljøet på det psykososiale og organisatoriske området er ønskeleg
- kunnskap om og erfaring med arbeidstidsbestemmelsene er ønskeleg
- god munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
- førarkort for personbil (B)
- har evne og lyst til å jobbe som jurist i ei myndigheitsrolle
- tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat
- samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
- jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag
- er nysgjerrig og fleksibel
- løn som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjoner, normalt innan kr 515 000 til kr 730 000
- lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- fleksitidsordning
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- gode høve for personleg og faglig utvikling
- høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
- tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegla befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke jobb hos oss.
Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.
Company
ArbeidstilsynetApplication deadline
15.11.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5525, HAUGESUND
HAUGESUND
Number of positions
1Career-kode
3244715Look here for other jobs from Arbeidstilsynet
- Updated 27.10.2020