• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    26.09.2021
  • Sted:
    TROMSØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    TROMSØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4074342
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Juridisk rådgiver/seniorrådgiver

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Å betre konkurranseevna til sjøtransporten, effektivisere eiga drift og tenester gjennom god bruk av ny teknologi , samt å utvikle og forbetre organisasjonen vår, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har ei brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.
Kystverket er funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Direktøren for verksemdsområdet med stab er lokalisert i Ålesund, medan tre avdelingar og fem sjøtrafikkavdelingar er geografisk spreidd. 

Ei av avdelingane er BarentsWatch som er lokalisert i Tromsø, og vi søkjer no etter jurist. Formålet til BarentsWatch-programmet er å etablere og vidareutvikle digitale tenester for datadeling og samhandling som bidreg til at norske hav- og kystområde blir brukt og forvalta på ein effektiv, berekraftig og godt koordinert måte. 10 departement og 29 forvaltningsetatar og forskingsinstitutt er partnarane våre, og sjølve utviklingsarbeidet blir utført av kommersielle leverandørar gjennom offentlege innkjøp.  

Juristen vil jobbe på tvers av ulike tenester i avdelinga i tett samarbeid med eit kompetent fagmiljø. Arbeidet vil spenne over eit breitt felt av spørsmål kring IT-sikkerheit, personvern, operativt samvirke mellom etatar og internasjonalt samarbeid. Som jurist i BarentsWatch vil du få moglegheit til å jobbe med komplekse juridiske spørsmål innanfor samfunnskritiske og innovative digitale tenester.

Kvalifikasjoner:

Det er krav om:

  • Master i rettsvitenskap/Cand. jur

Det er ønskeleg med: 

  • Kompetanse og erfaring innanfor personvern, informasjonstrygging og offentlege innkjøp
  • Relevant arbeidserfaring vil vere ein fordel
  • Erfaring med bruk av IKT-verktøy
  • God kjennskap til offentleg forvaltning

Den som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG. 

Personlige egenskaper:

  • Gode skriftlege og munnlege eigenskaper på norsk og engelsk
  • Solide strategiske og analytiske evner
  • Evne til å lytte, sjå behov og vere ein sparringspartnar
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner opp mot partnarar, eksterne og sluttbrukarar
  • Sterk på sjølvstendig arbeid og gjennomføringsevne
  • Brenn for å bidra i utvikling av innovative, samfunnsnyttige løysingar

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar

Vi tilbyr:

  • Eit høgt kvalifisert og kompetent tverrfagleg miljø som du vil bli ein del av
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og få gjennomslag for eigne idear
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innenfor tematikk som samfunnssikkerheit og digitalisering
  • Gode vilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar evt 1364 seniorrådgivar. Stillinga lønast frå kr 583 500 (ltr 64) til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar
  • Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket


Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen:  https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    26.09.2021
  • Sted:
    TROMSØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    TROMSØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4074342
  • Se her for andre jobber fra Kystverket