• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    01.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5921799
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Julsundet skole, SFO-leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi på Julsundet skole ønsker å tilsette ein SFO- leiar som skal bidra til å vidareutvikle skole- og SFO-tilbodet på Julsundet skole. Både barn og vaksne skal oppleve SFO som ein trygg stad kor dei kjenner seg sett, ivaretatt og respektert. Barna skal også oppleve omsorgsfulle og nærverande vaksne som ser barnas behov både fysisk og emosjonelt. Vi ønsker å ha ein god SFO som tilbyr varierte aktivitetar som stimulerer barna si sosiale, fysiske og kreative utvikling. Dette kan inkludere leik, fysiske aktivitetar, kunst og handverk, utforsking av naturen og tid til å kvile og slappe av.

På vår SFO ønsker vi å tilsette ein dyktig og tydeleg leiar som skapar eit godt arbeidsmiljø for tilsette som igjen skaper eit godt miljø for barna.

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Helst relevant leiarutdanning eller økonomisk/administrativ utdanning på høgskolenivå
  • Gjerne utdanning innan barn-/ungdomsarbeid
  • Må ha erfaring frå arbeid med barn frå SFO, barnehage eller skole
  • Du må vere ein tydeleg og omsorgsfull leiar og kunne dokumentere dette
  • Personlege eigenskapar, med evne til å skape eit trygt og inkluderande miljø for både vaksne og barn
  • Gode digitale ferdigheiter

Vi legg vekt på at du er ein tydeleg og omsorgsfull leiar som er både løysingsorientert, strukturert og med gode samarbeidsevner.

 

Oppgåver

  • Sikre den daglege drifta av SFO slik at den fungerer smidig og i tråd med fastsette rutiner og retningslinjer
  • Organisere aktivitetar og sikre at det er tilstrekkeleg bemanning for å møte barnas behov
  • Sørge for at miljøet er trygt og inkluderande for både barn og vaksne
  • Skape eit miljø der tilsette får fagleg utvikling og utfordringar
  • Sørge for riktig fordeling av arbeidsoppgåver og vaktplanar
  • Følge opp økonomi og drift og bidra i forhold til lønnskjøring og timeføring
  • Samarbeide med foreldre og skole på ein god og hensiktsmessig måte
  • Vere ein del av skolens leiarteam og bidra til strategisk utvikling av SFO i forhold til skolens og kommunens planar og målsetjingar

 

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med stor innflytelse på barnas trivsel og utvikling
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

 

Særskilte krav

Det er krav om politiattest før tiltreding.

Prøvetid

Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling".

Søknadsfrist: 01.11

Tiltreding: Etter avtale

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med rektor Knut Anders Fostervold, tlf. 900 40 602

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    01.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5921799
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune