Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
13.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5974148Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Jordmor og Ungdomskontakt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsestasjon i Sunnfjord treng
Jordmor og Ungdomskontakt i 100 %vikariat
Helsestasjonen yt helsefremjande og førebyggande tenester til barn, unge og deira familiar, samt svangerskapsomsorg. Vi har avdelingar på Vassenden/Skei, Naustdal, Sande og Førde.
Sunnfjord kommune har styrka satsinga på barn og unge, og har starta opp avdelinga Barn, unge og familiestøtte, BUFA, som ei avdeling i eining Helsestasjonen. Avd. BUFA skal vere eit lågterskel, førebyggande og behandlande psykisk helsetilbod, i tett samarbeid med svangerskapsomsorga, Helsestasjonen 0 – 5 år og skulehelsetenesta, og er tverrfagleg samansett med spisskompetanse på psykisk helse, rus, åtferd og foreldrestøtte-/rettleiing.
Vi har ledig følgande vikariat, frå kring 01.04.25:
100 % vikariat i stillinga som jordmor i svangerskapsomsorga på Helsestasjonen
100 % vikariat i stillinga som Ungdomskontakt i avd. BUFA
Kvalifikasjonar for jordmorstillinga:
- offentleg autorisasjon som jordmor
- gjerne erfaring med arbeidet som jordmor i kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar for ungdomskontakten:
- 3-årig høgskuleutdanning
- ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helse, rus og åtferdsproblematikk, kompetanse innan ungdomsarbeid
- lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- ha fleksibilitet til kunne jobbe på dagtid, noko på ettermiddag/kveld, samt i høve planlagde arrangement til målgruppa
For begge vikariata legg vi vekt på at du har:
- erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
- fokus på eit helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot individ, ulike grupper og lokalmiljø
- gode kommunikasjonsevner og evne til god relasjonsbygging med brukarar
- gode samarbeidsevner og fungere godt i team med kollegaer
- evne til å vere fleksibel, lojal og tilpassingsdyktig i høve oppgåver
- evne til å kunne jobbe både strukturert, sjølvstendig, ansvarsbevisst, løysningsfokusert, og samhandlar godt med andre
- er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- god datakompetanse, vilje og evne til å lære nye datasystem, samt erfaring med elektronisk pasientjournal
Du må ha førarkort kl. B, og kunne disponere eigen bil. Gyldig politiattest må leggast fram før start i stilling.
Vi tilbyr:
- ein meiningsfylt og sjølvstendig arbeidsdag med varierte oppgåver
- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- god pensjons- og forsikringsordning
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
13.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5974148Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Vi søkjer helsesjukepleiar i 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Familierettleiar og BTI-koordinator
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Miljøterapeut 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Aukra kommune
AUKRA -
Fysioterapeut - vikariat
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Helsesjukepleiar - 100% fast stilling ved Askvoll helsestasjon - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL