Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
25.09.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4751084Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 06.09.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Jordmor
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig 20 % fast stilling som jordmor ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter kjøring frå Bergen.
Stillinga er organisatorisk plassert i eining helse og einingsleiar vert næraste overordna. I eining helse finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog, fysioterapi og ergoterapi.
Arbeidsoppgåver:
- Svangerskaps- og barselomsorg
- Heimebesøk av jordmor etter gjeldande retningslinjer
- Helsestasjon for ungdom
Kvalifikasjonar:
Vi ser etter deg som har:
- autorisasjon som jordmor
Det er ynskjeleg om du har:
- Erfaring frå svangerskapsomsorg i kommunehelsetenesta
- Erfaring frå fødeavdeling
- Rekvisisjonsrett og erfaring med LARC
Førerkort klasse B
Utanlandsk utdanning skal vera NOKUT godkjent
Personlege eigenskapar:
Vi søker etter deg som har/er:
- Høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Fleksibel og løysingsorientert brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring innan fagfeltet
Me gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Me tilbyr:
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
- Barnehageplass for tilsette sine born
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
25.09.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4751084Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 06.09.2022