• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4751084
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 06.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Jordmor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig 20 % fast stilling som jordmor ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter kjøring frå Bergen.

Stillinga er organisatorisk plassert i eining helse og einingsleiar vert næraste overordna. I eining helse finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog, fysioterapi og ergoterapi.

Arbeidsoppgåver:

  • Svangerskaps- og barselomsorg 
  • Heimebesøk av jordmor etter gjeldande retningslinjer    
  • Helsestasjon for ungdom

Kvalifikasjonar:

Vi ser etter deg som har:

  • autorisasjon som jordmor

Det er ynskjeleg om du har:

  • Erfaring frå svangerskapsomsorg i kommunehelsetenesta
  • Erfaring frå fødeavdeling
  • Rekvisisjonsrett og erfaring med LARC
  • Førerkort klasse B

 

Utanlandsk utdanning skal vera NOKUT godkjent

 

Personlege eigenskapar:

Vi søker etter deg som har/er:

  • Høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Fleksibel og løysingsorientert brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring innan fagfeltet

Me gjer merksam på at du må legge fram politiattest.


Me tilbyr:

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

 Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4751084
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 06.09.2022