• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Stillingstype
    Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4764693
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sula kommune

Jetmundgarden bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sula kommune opprettar nytt bufellesskap og er no på søken etter fleire fagleg sterke miljøterapeuter. Vi treng deg som er nyskapande, kreativ og har eit brennande engasjement for personar med ulike funksjonsvariasjonar. 

Vi har ledig:

2 x100% fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut

3 x 95 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut

3 x 93 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut

1x 80 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut

 

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnsomsorg til mennesker med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar.  Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga har turnusordning med utvida arbeidstid  f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.

Stillingane er ledig frå 01.11.22. 

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer personar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar.
  • Erfaring frå liknande arbeid med utfordrande åtferd og målretta miljøarbeid vil verte føretrekt.
  • Kjennskap til, og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Utarbeideing og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B .
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlige egenskaper:

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg  i uførutsette hendingar og tåle stress,. 
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar. 
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål,verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. 
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Vanleg kommunale tilsettingsvilkår.
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Stillingstype
    Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4764693
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune