Bedrift
KystverketSøknadsfrist
28.06.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3187, 5523, 4841, 6002, HORTEN
HORTEN
Antall stillinger
1karriere-kode
3916800Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 28.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kystverket
IT-konsulent, systemansvarleg
Offentlige tjenester og forvaltning
Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.
Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder. I tillegg er Kystdirektøren sine stabar samt fellesfunksjonar samla i eit eige driftsområde. Eining for IT og informasjonssikkerheit har 17 tilsette, av desse har 12 arbeidsstad i Horten. Vi har no ledig 2 stillingar som systemansvarleg med oppgaver knytta til anskaffelse, etablering, drift, rådgivning og utvikling. Stillingane er i utgongspunktet plassert i Horten, men også Haugesund, Arendal eller Ålesund kan vere aktuelle lokasjonar for stillingane.
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning på bachelornivå innan IT. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning (må dokumenterast)
- Erfaring med databaser som MS SQL server og gjerne PostgreSQL, Citus eller Cassandra
- Gjerne erfaring med BI-verktøy som Power BI eller QlickSense
- Gjerne erfaring med MS Sharepoint, Teams og Power Apps
- Erfaring frå IKT-miljø basert MS Windows Server, MS Azure og gjerne Linux, VMWare eller Citrix
- Gode skriftlege og munnlege eigenskaper på norsk og engelsk
- Gjerne erfaring frå komplekse tekniske løysingar, med ein kombinasjon av eldre og ny teknologi, on-prem og skytjenester og stor grad av integrasjon mellom egne og eksterne systemer
- Gjerne erfaring med verktøy og rammeverk for DevOps
- Relevante sertifiseringar er ynskjeleg
- Stillinga krev sikkerheitsklarering
Personlige egenskaper:
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Strukturert og analytisk
Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Ei utfordrande stilling med utviklingsmogligheiter
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Stillinga er plassert i kode 1087 overingeniør med løn frå kr 524 900 /ltr 58 til kr 650 300/ltr 70, eller i kode 1181 senioringeniør med løn frå kr 583 500/ltr 64 til kr 734 400/ltr 76, avhengig av kvalifikasjonar
- Ferieheimsordning ved nokre av fyra til Kystverket
- Fleksibel arbeidstid
Arbeidsstad for stillingane er for tida Horten, Haugesund, Arendal eller Ålesund.
Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.
Bedrift
KystverketSøknadsfrist
28.06.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3187, 5523, 4841, 6002, HORTEN
HORTEN
Antall stillinger
1karriere-kode
3916800Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 28.06.2021