Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5339387Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 01.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad
IT-konsulent reinhald
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Les meir om oss ved å følge denne lenka!
Vil du vera med å utvikla Kvam herad sitt framtidige reinhald?
Me er godt i gang med å digitalisera reinhaldsarbeidet og søkjer derfor etter deg som har god IT-kunnskap og evna til å formidla denne kunnskapen vidare.
I Kvam aukar bruken av digitale verktøy og reinhaldsavdelinga vår var ein av dei fyrste i Vestland som tok i bruk robot som arbeidsverktøy. Alle reinhaldarane er også utstyrt med eigne nettbrett til bruk i arbeidet.
Målet vårt er å planlegga reinhald etter behov via APP-styrt arbeidsplanlegging (LAFT)
I avdelinga vår er me i dag 35 tilsette som utfører reinhald i kommunale bygg i heile heradet.
Arbeidsoppgåver
- Systemoperatør LAFT reinhaldsmodul
- Laga reinhaldsplanar i lag med reinhaldsleiar
- Opplæringsansvar i bruk av nettbrett, både i felles samlingar og ute i bygga våre i lag med reinhaldarane
- Delta i innkjøp av forbruksvarer
- Rekvirering av vikarar ved sjukefråvære
- Styring og programmering av vaskerobotar
- Etablering og bruk av sensorteknologi og KI (kunstig intelligens) for å utvikla framtidas reinhald
- Tekniske styresystem
Kvalifikasjonar
- IT-utdanning t.d. bachelornivå eller fagarbeidarnivå. God IT-kunnskap og/eller relevant erfaring kan evt. erstatta formell utdanning
- Du må ha god formidlingsevne
- Klart og tydeleg språk, gjerne fleirspråkleg
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Sertifikat klasse B, gjerne BE og manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert og nytenkjande
- Tålmodig og inkluderande
- Sosial og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Likar utfordring i arbeidet og ser nye løysingar
- Tek ansvar og kan arbeida sjølvstendig
- Møter andre med respekt
Me tilbyr
- Kontorplass i fellesskap med tekniske tenester i Norheimsund
- Godt arbeidsmiljø med kjekke medarbeidarar
- Normal arbeidstid mellom 07.30 og 15.00, mogleg med fleksitid og tidbank-løysing
- Mogleg med heimekontor i delar av arbeidstida etter gjeldande avtale
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5339387Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 01.09.2023