• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4699792
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

IT konsulent 100% fast, IKT og dokumentsenteret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

På stabseininga IKT og dokumentsenter er det ledig fast stilling som IT konsulent. IKT utviklar, driftar og vedlikeheld teknisk infrastruktur og programvare for heile kommunen. Vi yter brukarstøtte, driv med feilretting og handterer innkjøp av utstyr. Øygarden kommune er ein langstrakt kommune med drift på omlag 100 bygg. IKT er lokalisert på Straume, Rong og i Skogsvågen. Arbeidsstad for denne stillinga vil vere på Straume.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og utvikling av telefoniløysing
  • Drift og utbygging av velferdsteknologi
  • Forvaltning av abonnementsportefølje
  • Brukarstøtte / servicedesk
  • Kundekontakt, opplæring, feilrettings- og leveringsoppdrag
  • Klargjering og installasjon av utstyr
  • Dokumentasjon
  • IKT vakt

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Relevant utdanning som fagarbeidar innan IKT-driftsfag eller relevant høgskule
  • Førarkort klasse B

Ønskjeleg med:

  • Høg IKT- og systemkompetanse
  • God kjennskap til drift av telefoni (mobil og IPT)
  • God kjennskap til klientdrift i Microsoft miljø
  • Erfaring med bruk av Intune og SCCM
  • God kjennskap til Office 365
  • God kjennskap til Cisco nettverk
  • Erfaring frå tilsvarande stilling

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og sjølvgåande
  • Strukturert og nøyaktig
  • Høg arbeidskapasitet
  • Fleksibel og open for varierte arbeidsoppgåver
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Lagspelar med stor samarbeidsevne

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4699792
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2022