• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    14.04.2021
  • Sted:
    TROMSØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    TROMSØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3655143
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

IT-arkitekt

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Å betre konkurranseevna til sjøtransporten, effektivisere eiga drift og tenester gjennom god bruk av ny teknologi , samt å utvikle og forbetre organisasjonen vår, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har ei brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Direktøren for verksemdsområdet med stab er lokalisert i Ålesund, medan tre avdelingar og fem sjøtrafikkavdelingar er geografisk spreidd.  Ei av avdelingane er BarentsWatch som er lokalisert i Tromsø, og vi søkjer no etter IT-arkitekt.   

Formålet til BarentsWatch-programmet er å etablere og vidareutvikle digitale tenester for datadeling og samhandling som bidreg til at norske hav- og kystområde blir brukt og forvalta på ein effektiv, berekraftig og godt koordinert måte.  

10 departement og 29 forvaltningsetatar og forskingsinstitutt er partnarane våre, og sjølve utviklingsarbeidet blir utført av kommersielle leverandørar gjennom offentlege innkjøp.  

IT-arkitekten vil jobbe på tvers av ulike tenester i avdelinga i tett samarbeid med eit kompetent fagmiljø og med dei ulike utviklingsmiljøa. Som IT-arkitekt i BarentsWatch vil du få moglegheit til å jobbe med kompleks arkitektur innanfor samfunnskritiske og innovative digitale tenester.  Du må ha kjennskap til smidig utviklingsmetodikk og synast det er spennande å jobbe tett på brukarane av tenestene.  

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på master/sivilingeniør-nivå, gjerne innan IKT-området
  • Relevant arbeidserfaring , gjerne frå store komplekse prosjekt 
  • Gode skriftlege og munnlege eigenskaper på norsk og engelsk  

Erfaring frå store komplekse prosjekt med leveransar på tvers av organisasjonar kan kompensere for manglande formell kompetanse.  
Den som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG.  

Personlige egenskaper:

  • Innovativ, sjøldreven og strukturert
  • Solide analytiske evner
  • Evne til å lytte, sjå behov og vere ein sparringspartnar. Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner opp mot sluttbrukarar
  • Brenner for å leia utvikling av framtidsretta løysingar

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr:

  • Eit høgt kvalifisert og kompetent tverrfagleg miljø som du vil bli ein del av
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag og få gjennomslag for eigne idear   
  • Eit tverrfagleg miljø med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, og gode utviklingsmoglegheiter
  • Gode vilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Stillinga lønast frå kr 575 600 (ltr 64) til kr726 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar
  • Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket

Arbeidsstad er for tida Tromsø.

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentligheitslova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.


 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    14.04.2021
  • Sted:
    TROMSØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    TROMSØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3655143
  • Se her for andre jobber fra Kystverket