Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
09.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5371919Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 26.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
IPS Ung-jobbspesialist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Trur du det finst ein jobb for alle? Har du kjennskap til næringslivets bransjar og arbeidsplassar?
IPS Ung-Jobbspesialisten jobbar etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS) med ungdom i alderen 16 år og oppover. I IPS ung følger du opp ungdom som har psykiske og/eller samansatte utfordringar. Metoden inneber tett samarbeid med behandlarar og behandlarteam, samt arbeidsgivarar. Oppdraget til ein jobbspesialist er å legge til rette for at ungdommen klarer å fullføre utdanning eller komme i arbeid, samt klare stå i utdanning eller arbeid. Er du lagspelaren vi ser etter?
Som IPS ung-jobbspesialist vil du inngå i eit team på fire jobbspesialistar, inkludert ein metoderettleiar. Utover dette vil du også vere ein del av eit større jobbspesialistmiljø ved NAV Sunnfjord.
Formell tilsetjing er NAV Sunnfjord, men du vil bruke mykje av tida ute i næringslivet og med behandlarteam.
Nav Sunnfjord har ledig:- 100 % fast stilling som IPS Jobbspesialist
Ein IPS jobbspesialist nyttar IPS-metodikk og samarbeider difor med ungdommen sjølv, behandlerteam, NAV og arbeidsgivar.
Dette inneber mellom anna at du skal:
- følge opp eigen portefølgje med ungdommar
- identifisere ungdommen sine interesser, ferdigheiter og ressursar og legge ein plan for vidare skule eller arbeid.
- tilbringe minst 65 % av tida ute i lokalmiljøet for å oppsøke skule/studiestad, bedrift og bygge nettverk med desse.
- følge opp ungdom i skule eller jobb, samt involvere samarbeidspartar
- dokumentere og rapportere arbeidet i eige fagsystem
- bidragsytar i behandlingsteam
- minimum tre-årig relevant høgskule eller universitetsutdanning. Relevant praksis og resultat frå liknande arbeid vil kunne kompensere for utdanningskravet
- god relasjonskompetanse
- kjennskap til lokalt næringsliv
- førarkort klasse B
- gode digitale ferdigheiter
- erfaring med oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
- erfaring frå å jobbe med ungdom og utdanning
- har eit engasjement for å motivere både ungdom og arbeidsgivar
- klarer å sjå moglegheitene for utdanning eller arbeid for ungdom trass i helseutfordringar
- klarer å skape tillit og relasjon til ungdom
- trivst i arbeid med resultatmålingar og stort krav om utetid
- eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar kor arbeidsmiljø blir verdsett høgt
- trening i arbeidstid og fleksitid
- stor fleksibilitet og påverknad på din eigen arbeidsdag
- rettleiing og fagleg oppfølging frå metoderettleiar
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
- eit miljø for å skape gode tenester for innbyggjarane i Sunnfjord kommune
- tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns-og pensjonsvilkår, i lønsspenn 485 400 til 628 900 etter utdanning og tenesteansiennitet
Du søker elektronisk
Velkommen som søkar.
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
09.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5371919Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 26.09.2023