• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5829493
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.07.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

IPS jobbspesialist flyktning, 100% prosjektstilling med moglegheit for fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om NAV Øygarden :

NAV Øygarden har omlag 80 tilsette fordelt over 4 avdelingar. Kontoret er lokalisert sentralt på Straume.

Stillinga som IPS jobbspesialist Flyktning er organisert under avdeling Integrering og jobbstøtte. Stillinga blir ein del av eit stort og etablert jobbspesialistmiljø.

Vi søkjer ein jobbspesialist med stort pågangsmot.

Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering?

Har du trua på at alle menneske trass i fysiske og psykiske helseplagar, kulturell bakgrunn  eller andre utfordringar kan få og behalde ein jobb? 

Då kan du være den vi leiter etter.

Bakgrunn for stillinga:

Øygarden kommune har de siste åra tatt imot rekordmange flyktningar og skal fortsette å busette mange også i 2024.

NAV Øygarden  har fått tilskot frå IMDI for  å tilby individuell jobbstøtte (IPS) for innvandrarar som er omfatta av  integreringslova, og som har hatt eller har psykiske helseutfordringar. Målet er at fleire innvandrarar kjem i arbeid

Individuell jobbstøtte ( IPS) er ein oppfylgingsmetodikk  som skal leggje til rette for at deltakarane raskt skal starte i ordinært arbeid trass i psykiske helseplager.

Jobbspesialisten skal administrere og fylgje opp ei portefølje på inntil 18 deltakarar.

 

Arbeidsoppgåver:
  • Følgje opp deltakarar  som er motivert for ordinært arbeid. Identifisere jobbsøkjarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner
  • Følgje kvalitetsskalaen for individuell jobbstøtte  i oppfylgingsarbeidet
  • Oppsøkje bedriftar, skape dialog med arbeidsgjevarar og byggje nettverk
  • Samarbeide tett med programrådgjeverane og flyktninghelsetenesta i kommunen
Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Minimum relevant høgare utdanning frå  universitet eller høgskule på bachelornivå til dømes innan helsefag, sosialfag, pedagogikk eller samfunnsfag
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå IPS eller god kjennskap til prinsippa for IPS/SE, eller erfaring frå arbeidsretta oppfylging
  • Erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
  • Fordel med erfaring frå arbeid med rekruttering, rettleiing og inkludering
  • Erfaring med oppfølging av flyktningar og minoritetsspråklege
Personlege eigenskapar:
  • Er god på å møte menneske i utfordrande livssituasjonar, og jobbe med dei over tid
  • Trivs med å jobbe metodisk, systematisk og bli målt på resultater i ein uforutsigbar arbeidskvardag
  • Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Likar å ta kontakt og følgje opp bedriftar og arbeidsgjevarar for å få folk i jobb
Anna:

Prosjektstillinga har ein varigheit på  inntil tre år

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Stillinga ligg til kode 8530 rådgjevar. Løn etter avtale.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5829493
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.07.2024