• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2994736
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

IPS jobbspesialist 100% mellombels stilling- Nav Øygarden

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

IPS jobbspesialist 100% mellombels stilling – varighet inntil tre år – NAV Øygarden

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

NAV Øygarden har ca 70 tilsette fordelt over tre avdelingar.  Stillinga som IPS jobbspesialist er organisert under avdeling for Ungdom og Marknad.

Øygarden Kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet under tilskotsordninga – Implementering av arbeidsrehabiliteringsmetoden Individuell Jobbstøtte og jobbmeistrande oppfylging til å etablere eit fleirårig prosjekt. Det skal etablerast eit jobbspesialist team med tre IPS jobbspesialistar.

Målsetting med prosjektet er å etablere og utvikle metodikken  Individual Placement and Support (IPS). IPS er ein oppfylgingsmetodikk som skal legge til rette for at personar med psykiske lidingar skal få og behalda løna arbeid. Metodikken inneber at jobbspesialist og kommunehelsetenesta jobbar tett saman og drar nytte av kvarandre sitt fagfelt. Arbeidsperspektivet skal vere ein integrert del av behandlingsløpet.

Målgruppa er personar under 35 år med alvorlege/ moderate vanskar knytt til psykiatri og/eller rus. Føresetnaden er eit ønske om tilbakeføring eller hjelp til å skaffe seg ordinært arbeid

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp deltakarar med moderate til alvorlege psykiske lidingar, som til tross for dette er motiver for ordinært arbeid.
  • Følgje kvalitetsskalaen for Individuell Jobbstøtte i oppfølgingsarbeidet
  • Følgje opp eigen portefølje og med det identifisera jobbsøkjar sine interesse, sterke sider, ferdigheiter og evne.
  • Oppsøkje bedrifter , skape dialog med arbeidsgjevarar og byggje nettverk
  • Du skal engasjere og motivere både jobbsøkjarane og arbeidsgjevarane

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Minst tre-årig høgare utdanning innan helse/sosial/pedagogikk /samfunnsfag
  • Ein fordel med vidareutdanning eller arbeidserfaring innan rus og/eller psykisk helse

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå rettleiingsarbeid, marknadsarbeid, rekruttering, sal og liknande
  • Klar fordel med utdanning innan/kjennskap til metodikken Individuell jobbstøtte (SE)
  • Solid kunnskap om dagens arbeidsmarknad og marknadstrender
  • Førarkort for personbil – Klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  •  

Personlege eigenskapar:

  • Ha trua på at alle menneske, til tross for psykiske helseutfordringar, kan få og beholde løna arbeid
  • Du er flink til å snakke med folk og oppnår gode relasjoner
  • Ha evne til å jobbe resultatorientert og samtidig vere opptatt av god kvalitet
  • God på team arbeid, men også god på å jobbe sjølvstendig.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar NAV Øygarden , Nina -Susanne Andersen , tlf 971 69 980 / nina.andersen@nav.no

Avdelingsleiar Kari Mette Fedje , tlf 934 23 727, kari.mette.fedje@nav.no          

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2994736
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2020