• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368772
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Interkommunal samhandlingskoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du eit brennande engasjement for korleis vi kan utvikle og betre samhandlinga mellom kommunane og helseføretaka? Då er dette stillinga for deg!

100 % fast stilling som interkommunal samhandlingskoordinator er no ledig og vi søker deg som ivrar for dette arbeidsfeltet! Her skal du  samarbeide tett med leiinga i kommunane og helseføretaket, samt andre samfunnsaktørar. Du får høve til å bygge nettverk og relasjonar, og kan bidra aktivt med å utvikle og setje retning for samhandlinga mellom helseføretaket og kommunane! Stillinga krev stor grad av sjølvstende som også gjer at du kan påverke kva arbeidsoppgåver du skal ha. Samstundes krev den at du har særs gode evner til å samarbeide på tvers.  

Om stillinga


Stillinga er eit samarbeid mellom dei 17 kommunane i Sogn og Fjordane helsefellesskap, og er ein felles ressurs inn mot Helse Førde når det gjeld samhandling, forhandlingar og inngåing av avtalar på systemnivå. Sunnfjord kommune er vertskommune og arbeidsgjevar for stillinga. Den er organisert under eininga Fagutvikling. Primær kontorstad: Sunnfjord rådhus.

Oppgåver knytt til stillinga:
  • involvere og samordne kommunane i samarbeidet inn mot Helse Førde
  • saman med Helse Førde vere sekretariat for ulike møtearenaer i Sogn og Fjordane helsefellesskap
  • sekretariat for ulike nettverk mellom kommunane i regionen, til dømes helse- og omsorgsutvalet og kommuneoverlegenettverket
  • koordinere prosessar for kommunane knytt til tildeling av distriktsteneste for  LIS1
  • saman med Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimeteneste (USHT) koordinere opplæringstiltak og fagutvikling for kommunane
  • bidra til nettverksbygging lokalt, regionalt og nasjonalt   
  • ressursperson for KS i saker som vedkjem helse, velferd og omsorg
  • koordinere høyringsuttalar
  • delta i / leie ulike samhandlingsprosjekt
 Kvalifikasjonar:
  • relevant utdanning på mastergradsnivå. Søkarar utan mastergrad med særskilt relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
  • interesse og erfaring frå det kommunale helse-, velferds- og omsorgsområde

Det er ein fordel at du har erfaring/vidareutdanning innanfor nokre av desse områda:

  • leiing
  • prosjektleiing
  • utviklingsarbeid
  • undervisning og rettleiing
  • formidling - munnleg og skriftleg
  • relevante fagområde for det kommunale helse-, velferds- og omsorgsområdet
Vi søker etter deg som:
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god formuleringsevne, skriftleg og munnleg
  • er løysingsorientert og har evne til å motivere og engasjere samarbeidspartar
  • kan arbeide svært sjølvstendig, samstundes som ein også må evne å bygge nettverk og skape relasjonar 
Vi tilbyr:
  • spennande og utfordrande stilling i eit viktig fagfelt med stort behov for auka kunnskap og utvikling
  • høve til å delta på møteplassar, konferansar og ulike prosjekt- og arbeidsgrupper både regionalt og nasjonalt
  • eit kompetent og inkluderande fagmiljø i Sunnfjord kommune, kommunane i regionen og andre samarbeidspartar
  • kurs og kompetanseheving innan prioriterte område
  • fleksibel arbeidstid
  • gode kontor- og undervisningsfasilitetar
  • løn etter avtale

For spørsmål om stillinga kan du kontakte:

Elin Sørbotten (interkommunal samhandlingskoordinator) +47 40412850, Liv Janne Bell Jonstad (einingsleiar fagutvikling) +47 90980067, eller Kurt Even Andersen (kommunalsjef helse og sosial) +47 97010770.

Du søker elektronisk

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368772
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2023