• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2117097
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 28.09.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Interessert i å løyse viktige samfunnsoppgåver? Om du er sjukepleiar eller vernepleiar treng vi di kompetanse.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?

Då har vi fleire moglegheiter innan helse og omsorg i Fjaler akkurat no. Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. 

Vi har ledig tre 100% faste stillingar og eit 100% årsvikariat som sjukepleiar eller vernepleiar. Arbeidsstad for desse stillingane vil vere ved Fjaler helsetun, i heimetenesta eller i miljøtenesta. For dei som ønskjer det vil vi kunne leggje til rette for at ein kan ha ulike arbeidsstadar innan helse og omsorg i samband med permisjonar og liknande.

Som sjukepleiar eller vernepleiar hos oss vil du ta del i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg oppfølging

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan eitt av fagfelta; miljøterapi, demensomsorg, rehabilitering eller kreftomsorg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Sjølvstendig
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2117097
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 28.09.2019