Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
06.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6079610Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Integreringskonsulent 100 % vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig eit 100 % vikariat som integreringskonsulent i Integreringstenesta. Vikariatet har varigheit på ni månader med moglegheit for forlenging. Fjaler kommune har busett nærare 100 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem. For tida er det 2 faste stillingar i tenesta. Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling er næraste overordna.
Som integreringskonsulent hos oss vil du ha tett samarbeid med dei tilsette og leiaren i Integreringstenesta. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med mellom anna lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV.
- Kontakt med arbeidsgjevarar og oppfølging av deltakarar i språkpraksis
- Praktisk arbeid i samband med busetjing
- Rettleiing på personleg økonomi og bustad
- Koordinering fritid barn og unge
- Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
- Sakshandsaming
- Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar
- Relevant 3-åring høgare utdanning
- Søkjarar med fagbrev eller relevant erfaring kan og søkje og vil bli vurdert
- Erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske er ein fordel, men ikkje noko krav
- Grunnleggande digital kompetanse og evne til å sette seg inn i fagsystem
- Evne til å sette seg inn i lover og regelverk som gjeld tenesta
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Interesse for integreringsarbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide løysingsorientert, strukturert og sjølvstendig
- Fleksibel, som gjer at du raskt kan gå frå den eine til den andre oppgåva
Vi vektlegg at du er personleg egna til stillinga.
Vi tilbyr- Løn etter utdanning og erfaring (maks utteljing for inntil 3-årig utdanning)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
06.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6079610Se her for andre jobber fra Fjaler kommune