Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Hardangerbadet AS

Instruktør

Bade- og svømmeanlegg

Me søkjer etter ein engasjert instruktør til våre tilbod i Hardangerbadet

Me ser etter deg som har erfaring med trening, gruppetrening og instruktørrolla generelt. Fordel om du har erfaring med å hald treningsgrupper i basseng. Me treng ein instruktør som er sjølvstendig, og set store krav til seg sjølv og sine medarbeidere. Du er kreativ, energisk, har mot, er smilende, serviceinnstilt og ser gjesten. Du ynskjer å vera ein skapande ressurs i bedrifta.

Arbeidsoppgåver:

  • Instruktør i vatn og på land. Opplæring vert gitt ved behov.
  • Sal og marknadsføring av våre kurs og aktivitetar.
  • Utarbeide nye aktivitetar i og utenfor badelandet.
  • Utvikla hensiktsmessige treningsprogram tilpassa ulike målgrupper.
  • Me lyser også ut stilling som badevert, og det vil vere ein fordel om du kan inngå som ein del av vårt team, med fordeling av arbeid mellom instruktør og badevert etter behov.

Våre forventningar til deg:

  • Sjå moglegheiter for å utvikla nye og eksisterande aktivitetar.
  • Du møter menneske med ulike behov med tryggheit og glede.
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig på norsk og engelsk.
  • Evnar å arbeida både sjølvstendig og i team, med fokus på effektivitet og kvalitet.
  • Er fleksibel, jobber godt i travle situasjonar og har ein profesjonell tilnærming til kollegaer og gjester.
  • Har godt humør og er serviceinnstilt.

Me tilbyr:

  • Forutsigbare arbeidsforhold
  • Lønn etter avtale
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Positivt arbeidsmiljø
Personlege eigeskapar vert tillagt stor vekt. Kveld - og helgearbeid må påreknast.

Vilkår:

  • Du må vera fylt 18 år
  • Du må bestå livrednings – og fyrstehjelpskurs hjå oss før tiltredelse.