Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613646Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Inspektør - vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
60% vikariat frå 1.8.2022-31.7.2023 som inspektør ved Sogndal opplæringssenter
Om stillinga
Sogndal opplæringssenter blei oppretta 1.1.2020 og har ansvaret for all vaksenopplæring etter Opplæringslova og Introduksjonslova i Sogndal kommune. Opplæringssenteret har 14 tilsette og om lag 90 deltakarar som får opplæring. Undervisninga går føre seg i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Sogndal opplæringssenter har no ledig 60% vikariat som inspektør.
Arbeidsoppgåver:
· Gå inn for rektor ved fråvær
· Fagansvar, dagleg drift og skuleutvikling saman med rektor.
· Planlegging og organisering av undervisning og anna arbeid for tilsette
· Delta i leiarteam og pedagogisk forum i kommunen
· Arbeide aktivt for eit trygt og godt arbeidsmiljø.
· Inspektør har eit overordna ansvar for den digitale satsinga og utviklinga til Sogndal opplæringssenter
Kvalifikasjonar:
· Tilfredsstillande og godkjent undervisningskompetanse for skuleslaget.
· Erfaring frå vaksenopplæring, helst både grunnskuleopplæring for vaksne og norskopplæring for vaksne innvandrarar.
Personlege eigenskapar:
· Fleksibel og løysingsorientert
· Positiv, engasjert og med gode samarbeidsevne
· God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613646Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.05.2022