• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Sted:
    EIDSNES
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    EIDSNES
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3973673
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune

Inspektør - Solevåg skule

Sula kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Solevåg skule er ein av fire barneskular i Sula kommune og har for tida 240 elevar fordelte på 14 klasser frå 1. til 7. trinn.

Skulen ligg flott plassert på Solavågseidet med tilgang til eit mangfaldig nærområde godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar. 

Hausten 2012 stod ny idrettshall og nytt skulebygg ferdig med plass til åtte klasser, og våren 2018 vart eit nytt påbygg med fire klasserom klart. 

Sidan hausten 2018 har Sula kommune lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt vektøy.

Skulen har 22 pedagogar, ti assistentar, dagleg leiar SFO, helsesjukepleiar, inspektør og rektor. 

Kvalifikasjoner:

  • Godkjent pedagogisk utdanning og formell undervisningskompetanse for grunnskulen
  • Undervisningserfaring
  • Leiarutdanning for skuleverket er ønskjeleg
  • Leiarerfaring frå grunnskulen er ønskjeleg
  • Gode evner til å byggjer relasjonar og kommunikasjonsdugleik og erfaring frå arbeid i team
  • Kunnskap om og erfaring frå timeplanleggingsprogram
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Kjennskap til lov og avtaleverk
  • Gyldig politiattest

Personlige egenskaper:

  • Det vert lagt vekt på at den som vert tilsett er positiv og løysingsorientert, målretta og strukturert, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å byggje relasjonar til medarbeidarar, elevane, føresette og skulen sine samarbeidsinstansar.
  • Vidare vert det lagt vekt på at den som vert tilsett er fortruleg med bruk av IKT-verkty til bruk i timeplanlegging og organisering av skulen, og til bruk i undervisninga.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
  • Skulen nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
  • Gode forsikringsvilkår
  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer.
  • Kompetansetiltak innanfor nytt læreplanverk, fagfornying, inkluderande skulemiljø, programmering og koding.
 
  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Sted:
    EIDSNES
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    EIDSNES
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3973673
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune