• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3032824
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Inspektør Øygarden kulturskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Inspektør Øygarden kulturskule – fast 100%

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Øygarden kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater, visuelle kunstfag, skapande skriving og KulMat og har i dag om lag 450 elevplassar. Kulturskulen tilbyr også musikkterapi undervisning tilrettelagt for menneske med særlege behov.

Øygarden kulturskule har eigen lokalar på Liljevatnet. Her finner du administrasjonen, øvingsrom og arbeidsplassar for kulturskulelærarane.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Inngå i kulturskulen sitt leiarteam og leie skulen totale verksemd i tråd med nasjonale og kommunale føringar
  • Vidareutvikle ein læringskultur som er ambisiøs og ivaretakande og som gir resultat 
  • Sikre eit godt samarbeid med elever, føresette og andre eksterne aktørar
  • Arbeide med kvalitetsutvikling i kulturskolen m.m.
  • Handtere SpeedAdmin – vidareutvikle SpeedAdmin
  • Handtere Conexus insight – vidareutvikle Conexus insight
    • Innhente vikarar/vikararbeid ved kulturskulen
    • Samarbeide godt med kollegar i hele organisasjonen

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Høg kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, tilpassa undervisnings-oppgåvene for stillinga. Som minimum krevjast tre års kunstfagleg utdanning.
  • Tre års erfaring frå kulturskole relevant leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring.
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent
  • Kunnskap om bruk av digitale verkemidlar og kommunikasjonskanalar
  • Kan vise til god gjennomføringsevne 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå prosjektarbeid – prosjektleiing
  • Erfaring frå produksjonsarbeid – produksjonsleiing
  • Erfaring frå team arbeid –  teamleiing
  • Erfaring frå arbeid med nettsider

 

Personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner og erfaring i å kunne samarbeide med andre om planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg
  • Du er engasjert og har evna til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne til å arbeide strukturert og ryddig og held humøret oppe når det er nødvendig
  • Som ein lyttande person får du til gode arbeidsrelasjonar
  • Personleg eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

 

Anna:

  • Denne stillinga kan medføre reising, du må difor disponere egen bil
  • Du må delta på personalmøte kvar veke
  • Aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eigen arbeidsplass på Liljevatnet

 

Kontakt:

Rektor - Bjørn Andersen – telefon 906 56 836 – bjorn.andersen@oygarden.kommune.no

Ass rektor – Roger Martin - 988 27 704 – Roger.Martin@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3032824
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.07.2020