• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4591816
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Inspektør byggetilsyn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du interesse for bygg?

Tenkjer du at det er betre å førebygge byggfeil enn å reparere etterpå?

Er du ein problemløysar?

Trivst du med å snakke med menneske?

Er du ute etter unik og allsidig kompetanse?

 

Vi har ledig ei 80 % stilling som inspektør knytt til byggestilsynet.  Du som har byggteknisk, juridisk eller anna relevant kompetanse er aktuell til stillinga. Du blir då ein av to inspektørar som utfører byggetilsyn for seks ulike kommunar. Det kan vere aktuelt å legge til andre oppgåver frå selskapet sånn at den blir ei 100% stilling. Du får opplæring både internt og gjennom relevante fagkurs.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. Vi har vårt hovudkontor i Sogndal. Hos oss jobbar det 12 heiltidstilsette og om lag 100 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn etter plan- og bygningslova for eigarkommunane, og for kommunane Høyanger, Lærdal og Årdal etter eigen avtale. I tillegg har avdelinga ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg.

 

Du får hovudsakleg desse oppgåvene:

  • Gjennomføre byggetilsyn etter plan- og bygningslova og forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
  • Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane. 
  • Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.

 

I tillegg kan det vere aktuelt å legge oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og forskrift om brannforebygging til stillinga.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning som  jus/rettsvitskap/arealplanlegging eller tilsvarande.  
  • Fagbrev/fagskule med lang relevant praksis og erfaring frå byggebransjen eller offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.
  • Minimum førarkort kl. B.

Blir du tilsett utan å tilfredsstille kvalifikasjonskrava må du forplikte deg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

Vi legg også vekt på

  • Gode kunnskapar og erfaring med bruk av IT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
  • Personleg eigna, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.
  • Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både publikum og medarbeidarar.
  • Relevant praksis.

 

Vi tilbyr: 

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan både det byggtekniske og branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4591816
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune