Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Surnadal kommune

Inntil 2x100% faste høgskulestillingar i Heimetenesta

Brannvesen

VED HEIMETENESTA HAR VI LEDIG INNTIL 2X100% FAST FAGSTILLING FOR SØKARAR MED 3-ÅRIG HELSE- OG SOSIALFAGLEG  HØGSKULEUTDANNING.

Vi ønsker å styrke den tverrfaglege tilnærminga i tenesta og stillinga kan difor passe for t.d vernepleiarar, ergoterapeutar, sjukepleiarar eller fysioterapeutar.

Stillingane inngår i turnus, med f.t arbeid tredje kvar helg med oppgåver i heimesjukepleia.

 

Arbeidsoppgåver:

  • kartlegge, planlegge og sett i verk tiltak med utgangspunkt i pasientane sine behov
  • bidra med faglege innspel i tverrfagleg oppfølging av dei behova pasientane har
  • vere prosess- og prosjektleiar i implementeringa av velferdsteknologi
  • direkte pasientretta arbeid

Oversjukepleiar er næraste overordna

 

Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:

  • relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • god skriftleg og muntleg framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar:

Du er fagleg trygg og har vilje og evne til sjølvstendig arbeid. Du bidreg til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø. Vi er ute etter deg som har gode samarbeidsevner og som kan motivere andre i arbeid og endring. Du har interesse for velferdsteknologi.

 

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

Du må ha førarkort kl. B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

 

Besøk Surnadal kommune: https://www.facebook.com/surnadalkommune