Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Innkjøpsrådgjevar

Offentlig forvaltning

Vestnes kommune har ledig 100 % fast stilling som innkjøpsrågjevar.

Arbeidsstad

Stillinga er plassert i Eining for eigedomsdrift. Eininga har hovudansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen si bygningsmasse. I tillegg har eininga fagansvaret for anskaffingsregelverket knytt til innkjøp i Vestnes kommune. Kontorstad vert ved Rådhuset i sentrum av Vestnes.

Arbeidsoppgåver

Kommunen sin innkjøpsstrategi og innkjøpsreglement er det overordna styringsdokumentet. Vestnes kommune inngår innkjøpsavtaler og rammeavtaler med ulike leverandørar og har ansvaret for oppfølging av desse. Den som vert tilsett vil gå inn i ei spennande og sjølvstendig stilling og vil få mykje ansvar. Du vil vere ein sentral og viktig ressursperson i spørsmål knytt til alle anskaffingar i Vestnes kommune. Arbeidet er variert og byr på gode moglegheiter for den rette kandidaten.

Stillinga gir og moglegheit til å skaffe seg kompetanse innanfor eit variert lovverk. Gjennom brei kontakt med dei ulike einingane i kommunen vil du få ansvaret for store og små anskaffingar innanfor mange fagområder.

• Ansvar for anskaffingsprosessar frå A til Å
• Kontraktarbeid
• Etablere gode innkjøpsrutinar
• Leverandør- og avtaleoppfølging
• Være kommunen sin kontaktperson og bindeledd opp mot interkommunale innkjøpssamarbeid
• Oppfølging av klima- og miljøkrav knytt til offentlege anskaffingar
• Analyse og oppfølging av avvik, prisutvikling, avtaleendringar, avtalelojalitet og identifisere potensielle gevinstar
• Delta i arbeid med å drifte teknologiske løysingar knytt til innkjøp
• Sørge for opplæring, kompetanseheving og forbetringsprosessar internt

Oppgåvene vil kunne endre seg i takt med utviklinga i organisasjonen.

Ønska kvalifikasjonar

• Relevant utdanning på til dømes bachelornivå eller høgare, fortrinnsvis innan økonomiske eller juridiske fag. Relevant erfaring frå offentlege anskaffingar kan kompensere for manglande formell utdanning
• Kjennskap til anskaffingsregelverket og erfaring frå konkurransegjennomføring
• Erfaring frå kontraktforvaltning
• God talforståing og analysekunnskapar er ein fordel
• God kompetanse på og interesse for digitale verktøy
• Gode kommunikasjonsevner og eit godt skriftleg og munnleg språk
• Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar
• Nyutdanna med relevant utdanning vil bli vurdert

Personlege eigenskapar

• Du er strukturert, nøyaktig, handlekraftig og har høg gjennomføringsevne
• Du er fleksibel, serviceinnstilt og analytisk
• Du tar initiativ til forbetringar og bidreg til utvikling
• Stillinga krev gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
• Personlege eigenskapar vert lagt vekt på

Vi tilbyr

• Spennande faglege utfordringar
• Gode moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling
• Fleksitidsordning
• Triveleg og godt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
• Løn etter avtale
• Moglegheit for heimekontor etter nærmare avtale

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er berre søknadar sendt via vårt elektroniske søknadssystem som blir vurdert.

Ta deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.