• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621688
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Inkluderingskontakt 100% fast -NAV Øygarden, avdeling Integrering og jobbstøtte

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Blir du motivert av å jobbe med menneskjer? Har du trua på at alle menneskjer, på tross av ulike utfordringar kan få og behalde ein jobb?

Inkluderingskontakten skal jobbe for at fleire unge uføretrygda i Øygarden Kommune kan få tilbod om ein varig tilrettelagt arbeidsplass i ei ordinær verksemd.

 

Stillinga er organisert under Avdeling Integrering og Jobbstøtte i NAV Øygarden. Avdelinga har ca 20 tilsette og inkluderingskontakten blir ein del av fagmiljøet til jobbspesialistane.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleie og gje bistand til einingar som har tilsette i varig tilrettelagt arbeid
  • Følgje opp unge uføre som ynskjer eller har fått ein varig tilrettelagt arbeidsplass
  • Jobbe for å skaffe fleire varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunen
  • Samarbeid med andre tenester for å sikre eit heilskapleg tilbod
  • Gje informasjon og marknadsføre tilbodet til aktuelle kandidatar.

  

Kvalifikasjonar: 

  • Minimum 3- årig utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan helse, sosialfag eller samfunnsfag.

Ønskjeleg med:

  • Kunnskap om metodikken Supported Employment (SE)
  • Utdanning innan Arbeidsinkludering

  

Personlege eigenskapar:

  • Ha evner til og interesse for å motivera, engasjera og byggje relasjonar
  • Initiativrik, uredd og ha god gjennomføringsevne
  • Ha vilje «indre driv» og motivasjon til oppsøkjande verksemd.
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert

 

Anna: Bør ha kl B sertifikat

  

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

NAV leiar,  Nina- Susanne Andersen tlf: 97169980

Avdelingsleder , Jonas Dahl Bakke,  tlf: 90922324

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621688
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune