• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4155339
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Ingeniør vatn og avløp

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune treng ein ingeniør med bakgrunn innan VA-fag til 100% stilling ved vår eining Teknisk drift, avdeling VA.   

Avdeling VA har ansvaret for utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg i heile Sogndal kommune, samt bistand til kommunen sin plan- og byggesaksavdeling i deira arbeidsoppgåver knytt mot VA. Arbeidet omfattar både langtidsplanlegging og hurtige driftsutfordringar som krev ein dynamisk person, men òg god variasjon og høve til å utfordre seg sjølv i ein organisasjon med god takhøgd.  

 

Me ser etter nokon med interesse og vilje for å utvikle og forme ein organisasjon for ein nyoppretta kommune.  

 

Sogndal kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Fråsegner til plan-, regulering- og byggesaker på VA-feltet, irekna overvatn. 

  • Arbeid med GIS-databasen for VA. 

  • Oppdatering av kommunens trykksystemmodell for drikkevatn.  

  • Utgreiing av utbetringsbehov på offentleg VA-nett, og teknisk støtte til kommunen si prosjektavdeling.  

  • Delta i utvikling av hovudplanar for vatn og avløp. 

 

Kvalifikasjonar 

  • BSc innan tekniske fag, fortrinnsvis innan bygg og anlegg med spesialisering innan vatn og avløp. MSc er ynskjeleg. 

  • Lang erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse 

  • 1-2 års erfaring innan arbeidsfeltet, fortrinnsvis innan VA drift. 

  • Førarkort klasse B. 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Initiativtakande. 

  • Samarbeidsvillig. 

  • Rasjonell. 

  • Fleksibel. 

Me tilbyr: 

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver. 

  • Godt og variert arbeidsmiljø. 

  • Fleksibel arbeidstid i ein ung organisasjon. 

  • Gode pensjonsordningar. 

  • Løn etter avtale. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4155339
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune