Detaljer

  • Søknadsfrist
    18.11.2018
  • Bedrift
    Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
  • Sted:
    LILLESAND
  • Type arbeid:
    Ingeniør
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Master
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Fylke:
    AUST-AGDER
  • Arbeidssted:
    Lillesand
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    1046412

Ingeniør - kringkasting

Frekvensressursar er ein føresetnad for all trådlaus kommunikasjon i det moderne samfunnet. Nkom har mellom anna ansvar for å planleggje og tildele bruken av frekvensar til kringkasting, radiolinje og private mobile radionettverk. No leiter vi etter ein engasjert kollega som skal jobbe med å planleggje og tildele frekvensar for kringkastingssystem, og leggja til rette for digital radio i Noreg.

Spektrumsavdelinga planlegg bruken av, og tildeler, radiofrekvensar i Noreg. Frekvensar er ein avgrensa og verdifull naturressurs som forvaltast av myndigheitene slik at bruken skal gje mest mogleg samfunnsnytte. Vi deltar i internasjonale fora som arbeider med bruken av frekvensressursar, gjev faglege innspel og greier ut aktuelle spørsmål knytt til bruk av frekvensar.

I 2016 vedtok Stortinget ein nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon kor det er sett ei rekkje overordna mål for utviklinga innan fagområdet. Same år vedtok Stortinget at nasjonale FM-sendingar skulle leggjast ned. Som ein del av dette har Nkom mellom anna fått i oppdrag å justere planane for det digitale bakkenettet for TV og leggje til rette for innføring av digital radio i Noreg.

Du vil vere del av seksjon for spektrumstildeling, som er ein av to seksjonar i spektrumsavdelinga. Seksjonen består av 12 kollegaer med hovudsakeleg teknisk kompetanse.

Arbeidsområde:
  • planleggje og tildele frekvensressursar til ulike typar radiosystem, med særleg ansvar for kringkastingssystem
  • følgje opp tildelingar og føre tilsyn med vilkår i tildelte frekvensløyve
  • delta i, og eventuelt leie, prosjekt
  • koordinere bruk av frekvensressursar på tvers av landegrenser
  • delta i nasjonale og internasjonale fora
Kvalifikasjonar:
  • fortrinnsvis mastergrad innanfor eit relevant fagområde (radiokommunikasjon, teleteknikk, eller liknande), alt. bachelorgrad eller tilsvarande innan eit relevant fagområde og samstundes ha lang og relevant arbeidserfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy
Det er ønskjeleg med:
  • erfaring innanfor dei relevante fagområda
  • erfaring med planlegging av radionettverk
  • erfaring med prosjektleiing
Personlege eigenskapar:
  • sjå heilskap og samanhengar
  • engasjert, initiativrik og god til å spele på lag med andre
  • analytisk, strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert
  • høg arbeidskapasitet og vere ein pådrivar
  • god til å dela innsikt og kompetanse

Stillinga er lønna som overingeniør/senioringeniør frå kr 470 000 – 670 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Nyutdanna med mastergrad er også velkomne til å søkje, og vert då tilsett som overingeniør.

Frå lønna trekkast to prosent innskott til Statens pensjonskasse.

Kontakt gjerne seksjonssjef Svend Albert Toft, tlf. 913 05 689, sat@nkom.no, eller avdelingsdirektør John-Eivind Velure, tlf. 957 48 447, jev@nkom.no for ein prat om stillinga.

Vi ynskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Søk jobben innan 18. november 2018.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.