• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.10.2021
  • Sted:
    GOL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    GOL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4092242
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune

Ingeniør kommunalteknikk vatn og avløp

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % fast stilling som ingeniør er ledig for tiltreding

Kommunalteknisk avdeling har 11 tilsette. Avdelinga har ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald for fagområda veg, vatn, avløp og renovasjon.
Avdelinga har nå ledig stilling som avdelingsingeniør.

Arbeidsoppgåver:
• Prosjektleiing for prosjekt innan vatn og avløp
• Forvaltningsoppgåver og oppfølging av myndighetene sine krav innan vatn og avløp
• HMS og internkontroll
• Rammeavtaler og enkeltanskaffingar i medhald av lov om offentlege anskaffingar (LOA)

Arbeidsoppgåver kan avhenge av dei varierande behov kommunen har og søkars kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning innan relevant fagområde for stillinga (B.Sc / MSc)
• Erfaring frå vatn- og avløpsbransjen
• Lang og relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd kan kompensere for manglande formell utdanning
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er nødvendig
• Generell IK- kompetanse, og kjennskap til relevante IKT-verktøy
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du:
• Har god arbeidskapasitet og er serviceinnstilt
• Tek initiativ og leier an når oppgåver skal løysast
• Har god samarbeidsevne og kan arbeide sjølvstendig
• Er løysingsorientert og analytisk
• Har blikk for detaljar, men evne til å sjå detaljane i samanheng med heilskap og vedtekne mål

Vi legg stor vekt på personlige eigenskaper.

Vi tilbyr:
• Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• Fagleg utvikling og oppdatering
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:
Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk

Anna:
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

 
  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.10.2021
  • Sted:
    GOL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    GOL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4092242
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune